– Søket med folk som er ute i terreng og leitar etter henne er avslutta på grunn av at det har blitt mørkt, sa operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Borge Amdam, til NRK klokka 16.45 onsdag.
Onsdag kveld opplyser politiet at det ikkje er planlagt nye søk etter kvinna med frivilleg mannskap, men at politiet vil søke etter kvinna gjennom etterforsking.
1. nyttårsdag har 180 frivillige leita med eit håp om å finne den sakna 79 år gamle kvinna i Molde i live. Det var familien som meldte henne sakna seint måndag kveld.
– Vi veit ikkje kva som har skjedd, men søkjer fordi vi har håp om å finne henne i live, sa operasjonsleiar Kjersti Vestavik onsdag føremiddag.
Innsatsleiar Kjersti Vestavik seier dei framleis har håp om å finne kvinna i live.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDet blei leita allereie natt til tysdag, på nyttårsaftan deltok mannskap både frå politi, Røde Kors, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret og Heimevernet. Onsdag var store styrkar kalt ut igjen.
Mørke store deler av dagen
Det var dagslys berre nokre timar 1. nyttårsdag, og dette gjorde det utfordrande for leitemannskapa. Dess lenger tid det går før kvinna blir funnen, dess mindre er sjansane for å finne henne i live.
– Når vi søkjer med så mykje mannskap, er det fordi vi håper å finne henne i live. Men dersom det går veldig lang tid, blir oddsa dårlegare, sa Vestavik.
– Sjekk kjellarar
Kvinna budde i Molde sentrum, og leitemannskapa har søkt fleire stadar i bysentrum av Molde sidan ho forsvann.
Operasjonsleiar Borge Amdam i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Politiet– Vi ber folk i Molde om å hjelpe til i leitinga ved å sjekke kjellarar, buer og uthus. Vi har også båtar som har søkt i sjøen, så langt utan resultat, sa operasjonsleiar Borge Amdam til NRK tysdag.
I tillegg har det blitt søkt i terrenget og med dykkarar i elver. Politiet har også fått hjelp frå eit redningshelikopter frå Florø i leitinga.
Eit redningshelikopter blei tysdag formiddag sett inn i søket i Molde.
Foto: WEBJØRN ESPELAND / NRKDet er så langt ikkje mistanke om at noko kriminelt skal ha skjedd med kvinna.
Kvinna som er meldt sakna er 165 cm høg, har grått hår og hadde på seg ei mørk bukse, svart lang kåpe og svarte støvlettar, opplyser politiet.
Ber om tips
Politiet er svært interessert i tips, dersom nokon har observert kvinna.
– Vi ber folk ta kontakt om dei har observasjonar dei trur kan vere av interesse, seier Amdam.
Han fortel vidare at dei har fått inn nokre få tips, men at desse ikkje har resultert i noko.
Det er observasjonar av kvinna etter klokka 22.00 måndag kveld som er vesentlege, opplyser politiet.
Politiet kan bli kontakta på 02800.