Hopp til innhold

Leiteaksjon etter sakna mann: Båt funnen på 100 meters djup

Store styrker er ute og leiter etter ein mann som er sakna etter ein fisketur.

Leiteaksjon Sekken

REDNINGSHELIKOPTER: Eit redningshelikopter søker i området der ein mann er sakna.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Oppdatering: Ein båt som samsvarar med korleis båten til den sakna mannen ser ut er funnen på 100 meters djup. Politiet opplyser at dei pårørande er informerte om funnet.

Når det blir dagslys blir det lagt ein plan for mannskapet sin aktivitet i og rundt båten, seier Tore Andre Gram Franck i politiet.

Ein mann er sakna etter at han ikkje har kome heim frå fisketur. Han skal ha reist ut på tur tysdag morgon, og sidan har ingen sett han.

– Det var dei pårørande som varsla, dei var urolege når han ikkje hadde dukka opp, seier Arild Reite i politiet.

Mannen vart meldt sakna i 16-tida tysdag. Sidan då har det vore leita med store styrkar, utan hell.

Området dei leiter i er rundt øya Sekken i Molde. Den sakna skal vere ein eldre mann, og han skal ha reist aleine på tur.

– Det har ikkje vore noko handfaste observasjonar på han sidan i dag tidleg. Derfor har vi sett i verk eit søk med fleire ressursar, seier Hans Jakob Gulliksen i Hovudredningssentralen.

Held fram med søk gjennom natta

Sjølv om sola har gått ned, så vil dei halde fram med å søket.

– Det er ikkje gjort noko funn, og vi held fram med søk gjennom heile natta, seier Jens Hæreid, i hovudredningssentralen.

Det er mellom anna kystvaktskipet KV Njord som deltek i søket. I tillegg til andre båtar, og eit helikopter. Parallelt gjennomfører dei også søk langs strendene på land.

Dei har bedt om tips frå personar som kan ha observert den sakna båten, som er ein 23-fots Mørebas, som skal vere lys i fargen og med ei grøn kalesje.

– Vi sjekkar fortløpande det som kan vere av interesse, seier Hæreid.

Mannen skal ha vore på fisketur sør for øya Sekken i Molde.

Ut ifrå informasjonen dei har fått, så er søket no sentrert rundt øya Sekken, som ligg utanfor Molde. Dei har også leita i fjordarmane som ligg i områda rundt.

Hæreid seier at det per no ikkje er noko som tilseier at dei skal utvide søkeområdet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL