Hopp til innhold

Foreldra til den vesle jenta har meldt seg

Politiet leita laurdag ettermiddag etter foreldra til ei 2-3-år gamal jente som blei funnen åleine ved Atlanten camping i Kristiansund. På ettermiddagen ringde foreldra sjølv inn til politiet.

Krisiansund

Jenta er av utanlandsk opphav, og skal ha gått rundt åleine. Operasjonsleiar Øyvind Sund i Nordmøre og Romsdal politidistrikt fortel at ho var forvirra, og ikkje kledd for å vere utandørs, men elles i god form.

Om lag to timar etter at politiet melde om hendinga fekk dei inn tips om kven foreldra kunne vere. Før politiet rakk å ta kontakt med dei ringde dei sjølve.

– Dei kjem og hentar jenta snart, fortel Sund til NRK.

Politiet kan ikkje opplyse kvifor jenta var ute heilt åleine så langt.

– Guffent

Ho blei funnen av ei dame som var på tur i området. Kvinna fortel at jenta sprang etter ein katt rundt campingplassen.

– Vi sleit litt med å kommunisere med jenta, og ho klarte ikkje å vise oss kor ho budde, seier kvinna til NRK, som syns det var guffent å finne den vesle jenta heilt åleine.

Ingen i nærleiken av campingplassen kjente til jenta. Politiet opplyser at familien til jenta bur i området.

Det er usikkert korleis saka vil utvikle seg, men politiet er i dialog med barnevernet om kva som blir gjort vidare.