Hopp til innhold

Mann (68) savnet på Godøyfjellet

Det pågår no ein omfattande leiteaksjon på Godøyfjellet i Giske. Ein 68 år gamal mann er meldt sakna etter at han ikkje kom heim frå fjelltur.

Leiteaksjon Godøya

Leiteaksjonen pågår over eit stort område på Godøyfjellet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politimannskap, mannskap frå Røde Kors og Norske redningshunder, ambulansehelikopter, redningsskøyta Emmy Dyvi og eit Sea King-helikopter deltek i søket etter 68-åringen.

Om det ikkje blir gjort funn, kjem leitinga till å halde fram gjennom natta.

Vi held fram gjennom natta med det vi har av tilgjengeleg mannskap, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck.

Familien meldte mannen sakna klokka 16.30 onsdag.

Kan bli trappa opp

Dersom leitemannskapa ikkje har funne mannen når det gryr av dag, kjem aksjonen til å bli trappa opp.

Ja, i eit slikt tilfelle kjem vi til å trappe opp aksjonen. Det vil seie at vi kjem til å bruke mannskap frå Røde kors og kanskje frå Heimvernet, seier Franck.

– Kva med frivillige mannskap?

– Det blir ei vurdering vi tek i morgon. Og dersom det er aktuelt, kjem vi til å gå ut med ei kunngjering i pressa, seier Franck.

Dårleg vêr

Onsdag kveld var det ein omfattande leiteaksjon på Godøya. Mannen drog ut på fjelltur åleine kom ikkje tilbake. Det er bratt og vanskeleg terreng i delar av fjellet og dårleg vêr kan gjere søkjet vanskeleg.

– Vêret er alltid ein faktor i slike leiteaksjonar. Det at det er mørkt ute gjer det heller ikkje enklare å søkje etter den sakna, seier Franck.

Ein 68 år gamal mann er sakna

Leiteaksjon på Godøya

Uvisst kor lenge han har vore borte

Det er uklart når mannen, som er heimehøyrande i Giske kommune, la ut på fjellturen.

– Ingen har sett han gå, men vi har funne bilen hans på Dyb. Fordi vi ikkje veit kor lenge han har vore i fjellet, bestemte vi oss for å sette i gang søk.

Samstundes prøver politiet å kartleggje når og kvar mannen har gått.

– Dette er ein mann som er svært turvant og som har gått mykje i området.

Ønskjer tips

Politiet har så langt ikkje fått inn noko relevante tips eller observasjonar av mannen.

– Men alle observasjonar er gode observasjonar, seier Franck, som gjerne tek imot tips frå publikum.

Fleire har ringt til politiet fordi dei vil hjelpe til med å leite.

– Akkurat no er det for mørkt til at folk kan vere med i søket, fortel operasjonsleiaren, seier Franck.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL