Hopp til innhold
Leiteaksjon i Nørvasundet
Foto: Harry Heggdal / NRK

Leiteaksjon Nørvasundet

Oppsummert

Det blei sett i verk ein omfattande leiteaksjon etter at det blei observert ein tom båt med motoren i gang i Nørvasundet i Ålesund, den 30.08.2018.

  • – Har ikkje identifisert eigar

    Politiet har valt å trappe ned leiteaksjonen i Nørvasundet i Ålesund. Det har vore gjort omfattande søk i området, og politiet er no ute etter opplysningar om kven eigaren av båten er. – Vi ser mest sannsynleg at den som har ført båten har kome seg på land. No vil vi vite kven eigaren er og sjekke om den er stole, seier operasjonsleiar i politiet, Jan Helge Kjøl.

    Båt i Nørvasundet
    Foto: Politiet Møre og Romsdal
  • Søk i Nørvasundet

    Ein båt på om lag 10 fot ligg i fjæra i Nørvasundet i Ålesund med motoren i gang. Det er difor sett i verk strandsøk, dykkarar er sett inn og det blir gjort overflatesøk frå lufta. Meldinga om den tomme båten kom i 06.30-tida.

    Leiteaksjon i Nørvasundet
    Foto: Harry Heggdal / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL