Leiteaksjon Molde 12.05.18
Foto: Raymond Brunvold

Leiteaksjon Molde

  • Sakna i nesten 12 timar

    Den sakna mannen i 70-åra hadde vore sakna i nesten 12 timar då han blei funne i 12.00-tida laurdag. Mannen blei meldt sakna i titida laurdag morgon, og eit omfattande leitearbeid blei sett i gang. Mannen blir no tatt hand om av helsepersonell.

  • Sakna mann funnen i Molde

    Den sakna mannen i Molde er no funnen, melder politiet. – Han er i god behald, men nedkjølt, så han blir tatt hand om av ambulanse, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad. Mannen i slutten av 70-åra hadde vore sakna sidan 00.15 i natt til laurdag.

    Laster Twitter-innhold
  • Blei meldt sakna laurdag morgon

    Store styrkar deltek no i leitearbeidet etter ein sakna mann på sørsida av Fannefjorden ved Skåla i Molde. – Mannen er i slutten av 70-åra og blei meldt sakna i morgontimane laurdag. Så han har vore sakna i nokre timar allereie. Leitemannskapa tek utgangspunkt i området rundt der han bur og jobbar seg utover, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.

    Laster kart, vennligst vent...