Hopp til innhold

Sakna gut (10) funnen etter leiteaksjon

Den ti år gamle guten, som var meldt sakna tidlegare i kveld, er no funnen uskadd. Politiet sette i gong ein større leiteaksjon ved det populære turmålet Trollkyrkja i Hustadvika kommune.

POPULÆRT TURMÅL: Guten kom vekk frå turfølgjet sitt på veg tilbake frå ein tur til Trollkyrkja.

OPPDATERT: Guten er no komen til rette uskadd. Han skal ha blitt funnen med god hjelp frå publikum. Det melder politiet på Twitter.

Helikopter, frivillige og politimannskap blei sett inn i søket.

Guten kom vekk frå turfølgjet sitt på veg tilbake frå ein tur til Trollkyrkja. Dei andre i turfølgjet skal sist ha sett guten på veg mot parkeringsplassen på Fræneidet ved Fylkesveg 65.

Det opplyser Operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Guten blei meldt sakna til politiet klokka 20:45.

Trollkyrkja er ei grotte i fjellet. Grotta er eit svært populært turmål i Hustadvika kommune. Turen er cirka 3,4 km lang ein veg, ifølgje stikk.no.