Hopp til innhold

Leiar i Noregs fiskarlag: – Moglegheitene ligg i havet

På Fiskerimessa i Trondheim er talentspeidarar på plass for å rekruttere ungdom og gamle travarar som er blitt råka av kutt i oljenæringa.

Delegasjonen frå Giske kommune

Mats Grimstad og Fredrik Grimstad frå Giske er blant dei yngre representantane ved Fiskerimessa. Dei er frå reiarlaget Nordnes. Her saman med Marit Larsen frå Giske kommune.

Foto: Sissel Beate brunstad / NRK

Noreg er verdas nest største eksport av sjømat og Europas største fiskeri- og oppdrettsnasjon. På Fiskerimessa i Trondheim er det i år rekorddeltaking med heile 550 utstillarar.Nedgangen i offshorenæringa har fått motsett effekt for fiskerinæringa, som rekrutterer som aldri før.

Kjell Ingebrigtsen

Leiar for Noregs fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, er optimistisk til framtida til fiskerinæringa.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Vi har fått på plass ei lønnsomheit i næringa som er meir i tråd enn det andre næringar kan bu på, seier leiar i Noregs fiskerilag, Kjell Ingebrigtsen.

Les også:

Fleire av dei som jobbar i olja har hatt sin bakgrunn i fiskerinæringa. Ingebrigtsen fortel at desse no vil tilbake til fiskerinæringa, då dei kjenner større sikkerheit med tanke på eigen situasjon og framtidige moglegheiter.

– Vi er ei unik næring som haustar av fornybare ressursar. Dersom vi nyttar ressursane på ein god og riktig måte, så er dette eit hjul som vil gå evig, meiner leiaren i fiskarlaget.

Godt år for rekruttering

Kirsti Sjøhaug

Hodejeger, Kirsti Kalseth Sjøhaug seier det alltid er behov for rekruttering til bransjen.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Prosjektet "Sett sjøbein", som skal rekruttere ungdom til næringa, har slått godt an.

– Rekruttering er utruleg viktig for å halde oppe arbeidsplassar og vidareutvikle næringa. Vi har fått mange løysningsorienterte ungdom som ser moglegheiter i havet, og det lovar godt for framtida, seier Ingebrigtsen.

Talentspeidar, Kirsti Kalseth Sjøhaug er ei av dei som jobbar med å rekruttere nye ansikt under Fiskerimessa.

– Som talentspeidar er vi bestandig på jakt etter kloke hovud. Det er alltid behov for rekruttering, meiner Sjøhaug.

– Med store kutt i oljenæringa, så er det kanskje eit godt år for rekruttering?

– Ja det er det, og vi jobbar med å finne ut korleis arbeidskompetansen og erfaringane frå tidlegare oljearbeidarar kan nyttast i ein ny bransje.

Fleire kvinner i fiskerinæringa

I tillegg til å vere talentspeidar, er Kalseth Sjøhaug tilknytt "havfruenettverket", eit nettverk for kvinner som jobbar i fiskeribransjen.

– Dette er ein arena der vi kvinner kan treffast for å utveksle idear og erfaringar, støtte kvarandre og gjere seg kjende med kven som jobbar i næringa, forklarar ho.

Havfruenettverket vart oppretta for 15 år sidan då fiskerinæringa enda var ein svært mannsdominert bransje.

– Dette har endra seg og vi har mange flotte damer innanfor fiske i både store og små stillingar. Likevel er det godt å ha ein eigen arena der vi kan treffast, seier Sjøhaug.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL