Partiet sin førstekandidat til stortingsvalet, Einar Ebbesen, meiner prosjektet er trenert gjennom fleire år.
Ebbesen er lei av lovnader og fagre ønske og seier det ikkje er behov for meir utgreiing.
Det er sett av fem millionar kroner slik at Kystverket kan kartlegge grunnlaget for anbod.
Avviser kritikk
Petter Løvik(H), avviser at arbeidet som Kystverket skal gjere med å kartlegge grunnlaget for anbod, er ein måte å trenere bygginga av Stad Skipstunnel.
Leiaren av samferdselskomiteen vedgår likevel at det er gjort mykje utgreiingsarbeid om tunnelen.
- Men dette blir eit milliardprosjekt og då er det behov for å gjere ein grundig jobb i forkant, seier Løvik.