Hopp til innhold

Legg vekk to valdtektspåstandar mot Molde-spelar

Molde-spelaren som er tiltala for ei sovevaldtekt i 2017 kunne ha fått to ekstra valdtektspåstandar mot seg. Desse påstandane er no lagt vekk, ifølgje forsvarsadvokaten.

Mette Yvonne Larsen

NY FORSVARSADVOKAT: Mette Yvonne Larsen er ny advokat for den valdtektstiltala Molde-spelaren. Den tidlegare advokaten Øyvind Panzer Iversen blir frå nyttår av dommar.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det var i august i år Molde-spelaren vart frikjent for å ha valdtatt ei kvinne på eit nachspiel i 2017. Samtidig måtte han betale 150.000 kroner i erstatning til kvinna.

Denne saka vart anka. Men i etterkant bad John Christian Elden om at politiet såg på to andre valdtektspåstandar, ei sak frå Sverige i 2015 og ei frå Noreg i 2014.

No viser det seg at saka frå Sverige i 2015 aldri vart opna igjen, slik Elden ønskte.

Ei sak frå 2014 som har blitt behandla av Vest politidistrikt er no lagt vekk.

Molde-spelaren sin nye advokat Mette Yvonne Larsen fekk beskjeden tysdag ettermiddag, opplyser ho til NRK.

– Saka er lagt vekk. Dei fann ingen straffbare forhold. Politiet vurderte at bevisa klart tala mot straffbare forhold, seier Larsen.

Vurderer motmelding

Mette Yvonne Larsen og klienten hennar vurderer no om dei skal melde kvinna som påstår ho vart valdtatt av Molde-spelaren i 2014 til politiet.

– Vi oppfattar denne meldinga som rein sjikane. Vi vurderer å melde kvinna til politiet for falsk melding. Vi skal drøfte det seinare denne veka, seier Larsen.

Ho meiner ein ikkje berre kan lese noko i media og deretter melde nokon. Det er fullstendig uakseptabelt, ifølgje Larsen.

Elden er både advokat for kvinna som meiner ho vart valdtatt av den noverande Molde-spelaren i 2014 – og kvinna som meiner ho vart valdtatt av Molde-spelaren på eit nachspiel i 2017.

Vurderer klage til riksadvokaten

Då NRK kontakta John Christian Elden måndag kveld sa han at han ikkje kjende til at sakene er lagde vekk. Ingen har bekrefta dette til han, seier Elden. Når det gjeld saka frå Sverige i 2015 har han heller ikkje bedt om anna enn at saksdokumenta blir innhenta.

Men dersom saka om den påståtte valdtekta frå 2014 er lagt vekk kan det bli klaga inn til riksadvokaten, seier Elden.

Han meiner det er liten tvil om at politiet si melding i saka skildrar ei valdtekt.

John Christian Elden

BISTANDSADVOKAT: John Christian Elden er både advokat for kvinna som meiner ho vart valdtatt av Molde-spelaren i 2017 – og kvinna som meiner ho vart valdtatt av han i 2014. Sistnemnde sak er no lagt vekk.

Foto: Truls Aagedal / NRK

Mette Yvonne Larsen meiner derimot at det ikkje er noko som tilseier at det skal ha skjedd ei valdtekt i 2014. Den noverande Molde-spelaren og kvinna var kjærastar på det tidspunktet.

Larsen seier at klienten hennar er letta for at saka frå 2014 er lagt vekk.

– Frifinning mest sannsynleg

Men saka frå nachspielet i 2017 er derimot ikkje ute av verda.

Påtalemyndigheita valde å anke saka, som skal opp i lagmannsretten i februar.

– Det er mange moglege utfall, men mest sannsynleg blir min klient frifunne blankt både på erstatningskravet og straffekravet. Dommen frå retten var grundig. Det er mindre sannsynleg at han blir domfelt, meiner Mette Yvonne Larsen.

Molde-spelaren har opplevd mykje hets på norske tribunar i fjor og denne sesongen. Mange meiner også at saka har vore ei stor belastning for klubben. Men ifølgje Larsen har spelaren blitt tatt godt vare på av Molde FK og andre venner.