Hopp til innhold

Fekk maskin til 32 millionar i gåve – får ikkje plass i splitter nytt sjukehusbygg

Ei av Europas mest avanserte diagnosemaskiner vart tatt i bruk ved Ålesund sjukehus i 2021, men nybygget ved sjukehuset har ikkje plass til maskina.

Runar Paulsen er styreleiar i Foreninga sykehuset vårt som samla inn 32 millionar til PET/CT-maskina ved sjukehuset i Ålesund.

Runar Paulsen er styreleiar i Foreninga «Sykehuset Vårt» som samla inn 32 millionar til PET/CT-maskina ved sjukehuset i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

PET/CT-maskina, som mellom anna diagnostiserer kreftpasientar, står i eit midlertidig lokale og må ut derifrå til 2025.

Planen var at den då skulle inn i eit heilt nytt og godkjent lokale, for ei storstilt utbygging til 1,2 milliardar er i gang på sjukehuset.

Men så er det ikkje nok pengar til å bygge lokalet no likevel.

Helsepersonell er uroa over at nye sjukehusbygg over heile landet blir bygde for små.

– Uforståeleg

Det var Foreningen «Sykehuset Vårt» som samla inn pengar og gav maskina i gåve til sjukehuset. Styreleiar Runar Paulsen er opprørt over at det no kanskje blir stopp i tilbodet.

– Eg kunne ikkje tru det eg las. Her er det gitt ei gåve til sjukehuset av aller ypparste kvalitet i Europeisk samanheng. Styra i både Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg har godkjent satsinga ved Ålesund sjukehus, og så står vi i fare for å miste tilbodet. Det er for meg uforståeleg, seier han.

Han viser til at Helse Midt-Noreg allereie bruker denne type diagnostisering minst av helseføretaka i landet, og at det vil gå sterkt utover pasientane i Møre og Romsdal om tilbodet i Ålesund forsvinn.

PET/CT-maskina står i dag i midlertidige lokale.

Maskina står i dag i midlertidig lokale, men det er strenge krav til strålevern, og godkjend lokale må derfor på plass.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Fantastisk gåve

Per Erik Tødenes, sjef ved klinikk for diagnostikk i Ålesund, seier maskina var ei gåve dei blei veldig glade for.

– Det er jo fantastisk at den beste PET-maskina i heile Europa er i Ålesund.

Han seier maskina blir brukt på stadig fleire felt, og at det er svært viktig for dei at kompetansen personalet har bygd ikkje får ein nedtur fordi dei ikkje har eigna lokale.

Per Erik Tødenes, klinikksjef ved klinikk for diagnostikk, Ålesund sjukehus.

Per Erik Tødenes, klinikksjef ved klinikk for diagnostikk, Ålesund sjukehus.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi har detaljteikna nytt areal for denne maskina og ei liknande maskin som utgjer dette spesialiserte tilbodet. Så det er vår førsteprioritet å få den inn der, men det står på midlane, seier han.

Han seier Helse Møre og Romsdal jobbar vidare med korleis dei skal løyse situasjonen, men at økonomien ei stor utfordring, og det begynner å haste.

Administrerande direktør i Helse Midt Noreg, Stig Slørdal, seier det er økonomistyringa til Helse Møre og Romsdal som avgjer kor lenge dei må vente for å få på plass lokale til PET-skannaren.

Ålesund sjukehus

Nytt akuttmottak, ny intensivavdeling og oppdatert operasjonsavdeling skal byggast ved Ålesund sjukehus, men det er førebels ikkje pengar til å bygge lokale til PET/CT-maskina som diagnostiserer rundt 400 personar i året.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Meiner fleire sjukehus blir bygde for små

Legeforeningen har lenge vore bekymra for at norske sjukehus blir bygde for små, og at det blir for enkelt å kutte i bygningsmassen når mellom anna prisstigning fører til budsjettsprekk.

Både Legeforeningen og Akademikerne har kvar for seg fått laga rapportar som viser at det blir bygd sjukehus som er for små i Noreg, og dei meiner finansieringsmodellen må endrast.

Anne-Karin Rime

Anne-Karin Rime, president i Legeforeningen.

Foto: Legeforeningen/Thomas B. Eckhoff

President i Legeforeningen Anne-Karin Rime meiner det blir dyrt å drive sjukehus når for få eller små rom gjer at helsepersonell må stå i kø for å få gjere oppgåvene sine.

Ho viser til at både Akershus universitetssjukehus og Sykehuset Østfold Kalsnes blei bygd for små. I tillegg er tillitsvalde bekymra for at også Stavanger universitetssjukehus og Hammerfest sjukehus, som er under bygging no, blir for små når dei står ferdige.

– Vi jobbar hardt for å få endra modellen, men det følast ofte som ein forsvarskamp, seier ho.

Hammerfest sykehus

Nye Hammerfest sjukehus er under bygging.

Foto: Allan Klo / NRK

Sjef for avdeling rådgiving og tidlegfase i Sykehusbygg HF, Marte Lauvsnes, er usamd i at nye norske sjukehus som oftast blir bygde for små. Men seier det er viktig å lære av tidlegare prosjekt.

– Vi har ein veldig god dialog med Legeforeningen om det. Og den såkalla framskrivingsmodellen som blir brukt som grunnlag for å berekne størrelsen på sjukehusbygg er no snart ferdig revidert, seier Lauvsnes.

Les også Direktøren vedgår at mønster-sykehuset er for lite: – De ansatte hadde rett hele tiden

Korridorpasienter på Sykehuset Østfold

Håper på ei løysing

På sjukehuset i Ålesund har dei ikkje gitt opp kampen om å få plass til den viktige diagnosemaskina som rundt 400 pasientar frå Møre og Romsdal har nytte av i året.

Foreninga Sykehuset Vårt håper løysinga finst hos stortingspolitikarane.

– Vi reiser til Stortinget 14. november å snakke med sentrale politikarar om den manglande finansieringa av utbygginga ved Ålesund sjukehus, seier Runar Paulsen.

PET/CT-scanneren ved Ålesund sjukehus er ei av dei mest moderne diagnosemaskinene i heile landet og i fjor var brukte nesten 400 pasientar maskina.

PET/CT-skannaren ved Ålesund sjukehus går ei uviss framtid i møte.

Foto: Remi Sagen / NRK