Hopp til innhold

Lege meiner ingen bør besøke dette øysamfunnet

Høg alder på fastbuande og lang veg til sjukehus, gjer at kommunelegen åtvarar folk om å besøke Ona og Sandøy. Han er redd for at det skal kome koronasmitte der.

Ona

Ona er eit kjend fiskevær, med fleire overnattingsplassar, keramikkverkstad og kafe på sommarstid.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Idylliske Ona i havgapet på Romsdalskysten har få fastbuande og mange fritidsbustader. Det same gjeld naboøya Sandøy.

No går kommunelege Sven Walter ut og åtvarar folk mot å oppsøke øysamfunna i påska.

– Eg er heilt sikker på at folk er så ufornuftige at dei kjem til å dra dit. Vi har fått meldingar om at folk har planar om det, seier Walter.

Sven Walter

Sven Walter er kommunelege for Sandøy og Fjørtoft i Ålesund kommune.

Foto: privat

Ingen bør dra dit

Legen meiner at ingen av dei som eig dei rundt 90 fritidsbustadene, bør kome. Dette gjeld også dei som bur i same kommune, og som lovleg kan opphalde seg her etter dei nye hyttereglane. Legen ynskjer heller ikkje at slektningar skal besøke innbyggjarane på Ona og Sandøy i påska.

– Dersom ein får covid-smitte der, er det farleg, seier Walter.

LES OGSÅ:

Lang reiseveg

På Ona bur det 11 personar og på Sandøy 33. Mange av desse er pensjonistar. Det er lang reiseveg til sjukehus og legevakt. Blir nokon sjuke på øyane, må kommunelegen reise i ambulansebåt for å undersøke dei. I fint ver tar båtturen 20 minutt, i dårleg ver tar det lengre tid. Dersom pasienten er så sjuk at han må fraktast til sjukehuset i Molde, tar det 45 minutt i båt og deretter 10 minutt i ambulanse.

Walter håper at ein skal klare å halde det vesle øysamfunnet fritt for smitte, og meiner at regjeringa har sagt tydeleg frå om at folk skal reise minst mogleg.

– Å bringe smitte til desse øyane har mykje større konsekvensar enn for dei som bur sentralt, seier legen.

Sonen vil på besøk

Hilde Sørmoen

Hilde Sørmoen er yngst på Ona. Ho meiner kommunelegen er i strengaste laget.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Hilde Sørmoen er med sine 53 år yngst på Ona. Ho driv strikkebutikk på øya og skal etter planen opne kafe straks. Ho forstår kva kommunelegen seier, men synest han tar vel hardt i når øybuarane ikkje skal få treffe familiane sine.

– Det er litt strengt. Eg har ein son som kanskje kjem på snartur i påska, seier Sørmoen med gråten i halsen. Ho meiner dette kan skje på ein trygg måte, der han kan sitte i bilen heile vegen fram til øya, utan å vere i kontakt med nokon.

– Ut frå min situasjon er det strengt, men ein må beskytte dei som er i faresona. Eg forstår det, seier Sørmoen.