Hopp til innhold

Landbruk er viktig for å hindre attgroing

Kampen mot gjengroing av kulturlandskapet er blant dei viktige oppgåvene til landbruket i fylket framover. Landbruk er viktig for å hindre attgroing

Kulturlandskap Ku

Illustrasjon: Landbruk i heile Møre og Romsdal er viktig for å hindre at kulturlandskapet gror att.

Foto: Gunhild Geirsta

Landbruk i heile Møre og Romsdal er viktig for å hindre at kulturlandskapet gror att.
Det meiner den nye landbruksdirektøren hos Fylkesmannen, Frank Madsøy.

– Eit viktig verkemiddel er at vi har beitedyr og at vi har landbruk i heile fylket slik at vi har husdyr som går ute og beitar ned kratt, seier han.

– I tillegg har regjeringa nyleg løyvd middel til krattrydding i Vestlandsfylka. Eg trur at det viktigaste for å hindre attgroing er at vi har beitedyr og at gardsbruka er i drift, held han fram.

Må ha tiltak mot attgroing

Ei av utfordringane for landbruket er at aktørane blir eldre og at gjennomsnittsalderen er høg. Kvart år blir eit par hundre bønder pensjonistar. Gjennomsnittsalderen er 52 år og ofte er bonden som overtek nærare 40 år. Madsøy peiker på ein rekke tiltak som kan vere med på å hindre attgroing.

Frank Madsøy

Landbruk i heile Møre og Romsdal er viktig for å hindre at kulturlandskapet gror att. Det meiner den nye landbruksdirektøren hos Fylkesmannen, Frank Madsøy.

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

– Gode gardsbruk kan mellom anna omsetjast i staden for at dei blir lagt ned. Det er også viktig at landbruket har eit godt inntektsgrunnlag slik at dei som har sitt daglege arbeid i jordbruket har ei inntektsutvikling som er på same nivå som resten av befolkninga, seier Madsøy.

I underkant av 555 000 dekar med jord i Møre og Romsdal er i aktiv drift av bøndene. Det er fem og eit halvt prosent av landarealet i Noreg. Sidan tusenårsskiftet har rundt 10 % av landbruksarealet gått ut av produksjon. Mykje av dette har gått til næringslivet og bygging av bustader og vegar.

Medan regjeringa satsar ein nasjonal landbrukspolitikk der dei ønsker færre og større gardsbruk. Madsøy meiner ein må finne plass til begge deler.

– Vi må ha ein del store gardsbruk, men det er også plass til ein små gardsbruk der folk kan ha eit rimeleg utbytte dersom dei er gode på tilleggsnæringar, som for eksempel lokalmat, seier Madsøy.