Hopp til innhold

Fellesfjøs skal redde kulturlandskapet

Stranda kommune håpar at eitt stort fellesfjøs kan bidra til å hindre attgroinga og berge framtidig dyrehald i Geiranger

Fossevandring i Geiranger

ATTGROING: Geiranger står i fare for å gro att. No håpar Stranda kommune at eit stort fellesfjøs kan hindre attgroinga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Eitt stort fellesfjøs for sau og geit i Geiranger er truleg løysinga, dersom ein skal halde kulturlandskapet i hevd, og berge framtidig husdyrhald i bygda.

NRK har tidlegare skrive om at landbruket i Geiranger er i fare fordi bøndene i Geiranger vel bort gardsdrifta til fordel for reiselivsnæringa, noko som fekk politikarar og reiselivet til å slå alarm.

Den verdskjende turistbygda står i fare for å gro att, då det blir stadig færre landbruk og dermed mindre beitedyr i verdsarvområdet.

Leitar etter interesserte

Arbeidet er i gang for å finne ut om bøndene i bygda er interesserte i eit fellesfjøs – med plass til fleire hundre dyr.

– Nokon har sagt at dei er interesserte, men det er klart at før vi får dokumentert økonomien i eit slikt prosjekt så kan vi ikkje forvente at dei gir eit bindande svar, seier Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda.

– I fyrste rekke er vi nok avhengig av å ha nok interesse for grunneigarane, og så er Stranda kommune sjølvsagt i spissen for prosjektet, held han fram.

Avgjerande for kulturlandskapet

Bjørdal meiner eit slikt prosjekt vil vere avgjerande for kulturlandskapet i området.

– Det er heilt avgjerande. Ein kan ikkje lenger forvente at folk brukar ljå til å halde området ved like. Eg trur vi må bruke det som er mest naturleg og det er gjennom småfehald, spesielt geit, fortel han.

Stranda kommune, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen og Fjordsenteret samarbeider om planane.

– Det er førebels for tidleg å seie noko om kvar i bygda eit eventuelt fellesfjøs kan byggast, seier Bjørdal.

– Men både Gjørva i Geiranger sentrum og eit område i Flydalen bør vurderast, held han fram.