Lagde bråk i Ålesund

I 02.00- tida i natt fekk politiet melding om ein ung mann som lagde kvalme i Ålesund sentrum, mellom anna ved å ta kvelartak på forbipasserande. Då politiet kom fram til staden viste det seg å vere to unge menn som hadde krangla. Begge to blei vist vekk frå sentrum resten av natta.