NRK Meny
Normal

Cirkus Zorba stengte undersjøisk tunnel

Ei heil kolonne med sirkusbilar lagde oppstyr i dag, då dei fekk problem i Atlanterhavstunnelen.

Cirkus Zorba sto fast i tunnel

Ei heil kolonne med sirkusbilar sto i dag fast i Atlanterhavstunnelen

Foto: Eirik Haukenes

Tre lastebilar frå Cirkus Zorba skapte sirkus då dei vart ståande fast i botnet av Atlanterhavstunnelen mellom Averøy og Kristiansund.

Politiet måtte dirigere trafikken, til bilane hadde fått hjelp frå bergingsbil til å køyre vidare. I ein kort periode vart også tunnelen heilt stengt.

- Den eine bilen fekk tekniske problem, og trengte hjelp, seier operasjonsleiar Jan Inge Bygge ved Nordmøre politidistrikt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den undersjøiske tunnelen på 5727 meter, har ei bratt stigning på 10 prosent. Men politiet trur ikkje det var den bratte bakken som gjorde at sirkusfølget ikkje kom seg vidare.