NRK Meny
Normal

Kvinne slått i ansiktet

Ei kvinne i Kristiansund måtte til legevakt natt til søndag etter å ha blitt slått av kjærasten sin.

Politibil - illustrasjon

Ein mann i 50-åra sit no i arresten etter å ha slått kjærasten sin i ansiktet.

Foto: Illustrasjonsfoto

Like etter klokka 04.00 natt til søndag fekk politiet melding om at ei kvinne i 50-åra hadde blitt slått i ansiktet.

– Ho hadde fått eit kutt over nasen som blødde ganske kraftig, seier Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Sit i arresten

Kvinna blei frakta til legevakt for behandling, medan kjærasten hennar blei pågripen av politiet. Mannen i 50-åra sit no i arresten.

– Han vil bli avhøyrt i løpet av dagen, seier Korstad.