Quiz

Kva veit du om norske statsministrar?

Kven sat lengst? Kven var statsminister under krigen? Og kva for ein statsminister var det som samanlikna jobben med å bere staur? Her kan du teste kva du veit om jobben enkelte har kalla adm.dir. i Norge A/S.

Gro og Kåre

STATSMINISTRAR: Mange hugsar kanskje duellane mellom Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland på 80-talet. Her fotograferte i høve stortingsvalet i 1985.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

1/15 Statsminister i dag

Vi startar enkelt: Kven er statsminister i Norge i dag?

2/15 «Gubben»

Johan Nygaardsvold
Foto: SCANPIX

Når var Johan Nygaardsvold, eller «Gubben» som han vart kalla, statsminister i Norge?

3/15 Gerhardsen

Einar Gerhardsen
Foto: SCANPIX / SCANPIX

Einar Gerhardsen (Ap) sat som statsminister i mange år og vart kalla «landsfaderen». Men kor lenge hadde han jobben?

4/15 Gro

Gro Harlem Brundtland

Medan Einar Gerhardsen fekk tilnamnet «Landsfaderen» vart Gro Harlem Brundtland (også ho Ap) kalla «Landsmoderen». Ho var statsminister i tre periodar: I 1981, frå 1986 til 1989 – og frå 1990 til 1996. Men kva ministererfaring hadde Brundtland før ho vart statsminister?

5/15 Kåre og Gro

Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland, 1981.
Foto: Ørn E. Borgen, Scanpix

Dei som såg på TV på 80-talet fekk sannsynlegvis med seg dei mange friske debattane mellom Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland. Kva parti representerte Willoch?

6/15 Staurberaren

Kåre Willoch hadde solid regjerningserfaring då han vart statsminister i 1981. Mellom 1965 og 1970 var han nemleg handelsminister i ei borgarleg regjering. Då denne regjeringa gjekk av i 1971 sa statsministeren at oppgåva hans kunne samanliknast med å bere staur. Kven snakkar vi om?

7/15 Bondevik

KRF MOETE
Foto: PER LØCHEN / NTB scanpix

Når vi er inne på Bondevik: Nevøen til Kjell, Kjell Magne, var statsminister i to periodar. Hugsar du når?

8/15 Jaglands ultimatum

Thorbjørn Jagland
Foto: Borgen, Ørn E. / Scanpix

Thorbjørn Jagland erstatta Gro Harlem Brundtland som statsminister i 1996. Før valet i 1997 varsla Jagland at han ville gå av dersom ikkje Arbeidarpartiet gjorde eit like godt val som i 1993. Hugsar du det «magiske» talet?

9/15 Den neste Ap-høvdingen

Trass i Jagland sitt ultimatum skulle det likevel bli regjeringsmakt på Arbeidarpartiet i stortingsperioden 1997-2001. I 2000 rakna nemleg sentrumsregjeringa – og Ap fekk dermed igjen oppgåva med å danne regjering. Då var det derimot ikkje lenger Thorbjørn Jagland som var partiets statsministerkandidat, men...?

10/15 Parlamentarismens far

Johan Sverdrup
Foto: H. P. Hansen / NPK

Vi går ein god del tilbake i tid: Han blir kalla «den norske parlamentarismens far» og var statsminister mellom 1884 og 1889. Kven snakkar vi om?

11/15 I 1905

Kven var statsminister då Norge lausreiv seg frå Sverige i 1905?

12/15 Hornsrud-regjeringa

Christopher Hornsrud
Foto: SCANPIX / SCANPIX

I mellomkrigstida skifta Norge regjering svært ofte. Men ingen sat kortare som statsminister enn Christopher Hornsrud, som måtte gi seg før det hadde gått tre veker. Kva parti sokna Hornsrud til?

13/15 Venstre-statsminister

Johan Ludwig Mowinckel (V) var Norges statsminister tre ganger. Her fotografert på slottsplassen med regjeringa si i 1935.
Foto: Scanpix

Det begynner å bli lenge sidan sist Venstre hadde statsministeren i Norge, men den siste sat i heile tre periodar (1924-1926, 1928-1931, 1933-1935). Kva heitte han?

14/15 Svakt parlamentarisk grunnlag

Berre to regjeringar etter krigen har verken inkludert Arbeidarpartiet eller Høgre. Den andre var som vi hugsar Kjell Magne Bondevik si sentrumsregjering frå 1997 til 2000. Men også frå 1972 til 1973 hadde Norge ei regjering beståande av KrF, Venstre og Senterpartiet. Kven leia den?

15/15 Statsministrar frå nord

Til slutt: Kor mange statsministrar frå Nordland, Troms og Finnmark har Norge hatt etter andre verdskrig?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.