Hopp til innhold

Kronprins Haakon: – Eit spennande miljø på Sunnmøre

Kronprins Haakon har lagt årets SIKT-konferanse til Ålesund. I dag blir det ei rekkje møte med næringslivsfolk på Sunnmøre.

Kronprins Haakon

Kronprins Haakon i lokala til Farstad Shipping. Her sit han saman med unge leiarar og talent som skal delta på SIKT-konferansen.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Kronprins Haakon set stor pris på å få arrangere konferansen i Ålesund.

– Det er eit spennande miljø i Ålesund på mange måtar. Igjen og igjen har dette området vist at ein kan finne den drivkrafta som skal til for å reise seg etter motgang. Noko av denne energien har vi lyst til å ta med inn i SIKT, sa Kronprins Haakon måndag formiddag.

Kronprins Haakon

Kronprins Haakon under dagens arrangement i Ålesund.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Møteplass for unge

Kronprins Haakon meiner at dei som er i toppleiinga i selskapa har mange, fine møteplassar i Noreg. Men dei som er yngre og dyktige møtes i mindre grad.

Dei møtes bransjevis, men ikkje på tvers av bransjar. Eg trur det er positivt at dei kjem saman og blir kjende på tvers av skiljelinene. Ingen andre gjorde dette i denne skalaen. Derfor sette vi i gang med SIKT, sa Kronprins Haakon til NRK.

Spennande

Fleire unge leiarar og talent er inviterte til SIKT-konferansen. Her handla det om inspirasjon og lærdom.

– Her er det spennande foredrag, det blir spennande å kanskje få helse på Kronprins Haakon, her får vi inspirasjon og vi får lære om nye ting, seier Marie Elena Utvik. Ho representerer prosjektet Start Ålesund, ved NTNU.

Kim Leisser Stian Fugelsø Marie Elena Utvik

Frå venstre: Kim Leisser, Mitie Norge AS - Stian Fugelsø, Start Ålesund v/NTNU - Marie Elena Utvik, Start Ålesund v/NTNU.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Drivkraft

Stian Fugelsø høyrde med stor interesse på foredraget til skipsreiar Stig Remøy frå Herøy. Som 19-åring kjøpte Remøy, saman med brørne sine og andre investorar, fartøyet M/S Jan Mayen. Som 21-åring blei han skipper og i 1996 starta han sitt eige reiarlag.

– Vi fekk høyre historia om korleis han starta som ung, om reiarlaget og om utfordringane han står oppe i no, og korleis han ser på framtida og korleis han skal løyse krisa dei er inne i, fortel Fugelsø. Dette gir inspirasjon til oss som framleis er relativt unge, legg han til.

– Det handlar om å finne drivkrafta. Her fekk vi høyre korleis han fann si drivkraft og korleis denne blei utvikla over tid. Å vere nede og å finne ny motivasjon og stable seg på beina att og finne ny suksess, det er interessant, seier Fugelsø.

Kronprins Haakon

Her er Kronprins Haakon på veg inn i lokala til Farstad Shipping i Ålesund

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Kronprinsen kom

Kronprins Haakon blei teken imot av ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, styreleiar i Farstad Shipping Sverre A. Farstad og direktør i Ålesund næringsforeining Kjell Sandli. Han kom til Skansekaia saman med fylkesmann i Møre og Romsdal, Lodve Solholm.

Seinare i dag skal Kronprins Haakon på eit lunchmøte i regi av Næringsforeningen i ålesundsregionen. Deretter skal han til Ulsteinvik og møte Ulstein Group.

Sjølve SIKT-konferansen går av stabelen i morgon.