Hopp til innhold

Kroningsjubileum i Kristiansund

Mykje kan skje på halvannan time. Det fekk kongefamilien oppleve då dei tysdag formiddag besøkte Kristiansund på jubileumsferda til Trondheim.

Kroningsreise 2006 Kristiansund: med kongeskipet
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Litt før klokka 10 tysdag formiddag glei kongeskipet Norge inn på hamna i Kristiansund, og presis klokka ti la sjaluppen med kongeparet og kronprinsparet til Piren. Der vart dei mottekne av hamnefut Jan-Olav Bjerkestrand, fylkesmann Ottar Befring, ordførar Dagfinn Ripnes og politimeister Arnstein Nilssen.

Kroningsreise 2006 Kristiansund: kongefamilien går i land
Foto: Odd Sørås / NRK

 

Folksamt

Langs kaia, i Kaibakken, på rådhusbalkongane og i alle vindauge stod det folk. Mellom eitt og to tusen, vart det sagt - langt færre enn ved kroningsferda for hundre år sidan, då 12-15 000 menneske skal ha vore samla til den største festdagen byen hadde hatt.

 

Kroningsreise 2006 Kristiansund
Foto: Odd Sørås / NRK

 

 

Finklede frå 1906

Etter å ha fått blomster av førsteklassingane Oline Marie Ripnes og Filip Eide Hoem, gjekk gjestene innover Piren mellom to rekkjer med jenter - og nokre gutar - frå Allanengen skole, kledde i det som var finstas i 1906. Ei liknande rekkje av kvitkledde unge damer var det også som tok imot kong Haakon og dronning Maud i 1906. Kongefamilien hadde også eit møte med krigsveteranar frå Kristiansund.

 

Kroningsreise 2006 Kristiansund: kvitkledde jenter
Foto: Odd Sørås / NRK

 

 

Avduking

Så gjekk turen langs kaia til hjørnet mellom Kaibakken og den nye Arnulf Øverlands gate, der kongen avduka ein plakett som vitnar om i dag vart den nye Storkaia og Arnulf Øverlands gate opna. Diktaren Øverland var fødd i Kristiansund og budde her knapt eit år av sitt liv. Han budde i Vågebakken, i andre enden av kaia.

 

Byen gjennom tidene

 

Kroningsreisa 2006: Den nyetid i Kristiansund
Foto: Odd Sørås / NRK

På veg tilbake mot Rådhusplassen viste gjestene stor interesse for dei utstillingsbuene der skuleelevar viste fram epokar i byens historie. Dale barneskole viste fram klippfisktida, Frei skole hadde laga utstilling om krigstid og kongebesøk, Nordlandet barneskole viste korleis gjenreisingstida var, og Innlandet skole representerte den nye tida.

 

Kroningsreise 2006 Kristiansund: barnehagebarn
Foto: Odd Sørås / NRK

 

Underhaldning

No inntok elevar frå Dale barneskole friluftsscena på Rådhusplassen for å framføre songen "Klippfiskbergan" frå musikkspelet "Folk og fant i Draget".

Songen "Å ødelegg det ælske æ" frå "Sundbåten Syver" med Sølvi Nordmann og Arve Sørdal vekte latter hos både folk flest og gjestene på ærestribunen, særleg då det viste seg at Skrotskalle (Sørdal) hadde vore ute på tjuveri samme formiddag: opp av sekken hans kom det både gull og glitter og ei kongekrone - han hadde funne det på ein kvit båt med gul skorstein som låg ankra opp utfor hamna...

Dansarar frå Atlanten ungdomsskole framførte dansen "Mot en ny tid", elevar frå Dalabrekka skole song "Godteridansen", og Svein Høgseth frå "Paraplyrevyen" framførte nummeret "Fergeabstinens". Visstnok var det kong Harald sjølv som hadde ytra ønske om eit gjensyn med revymannen Høgseth, og kongen lo visst like godt i dag som første gongen.

Gitarist og komponist Frode Alnæs framførte deretter sin "Vita Lux" i lag med Ynglingeforeningens musikkorps før korpset avslutta med "Hyldningsmarsj til kroningsferden" som blei komponert til kroningsferda i 1906.

 

Avskjedsgåve

 

Kroningsreise 2006 Kristiansund
Foto: Odd Sørås / NRK

Før avreisa frå Piren gav kongefamilien eit kort intervju, der både dronninga og kronprinsessa fortalte kor imponerte dei var over kva barn og unge i Kristiansund får til når det gjeld kultur.

 

Kroningsreisa 2006: kongefamilien får klippfisk
Foto: Odd Sørås / NRK

Då kong Harald blei spurt om sitt forhold til klippfisk, måtte han vedgå at han ikkje hadde det heilt store forholdet til denne kristiansundske spesialiteten. Derimot har dronning Sonja stor sans for klippfisk. Og dermed kunne ordførar Dagfinn Ripnes med godt samvit overrekkje dei fire gjestene kvar sin elegante pose med superior klippfisk frå Kristiansund, nok til fleire middagar på slottet!