Hopp til innhold

Kritisk til gasskraftflytting

Både fylkesordføraren og Frp vil ikkje godta at Statnett flyttar eitt av dei mobile gasskraftverka her i fylket til Hordaland.

Mobilt gasskraftverk
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Statnett vurderer å gjere det fordi kraftsituasjonen i Hordaland er enda meir spent enn her.

– Uaktuelt

Oskar Grimstad frå Frp er medlem i Energi- og miljøkommiteen på Stortinget. Han liker ikkje tanken på å flytte eitt av dei mobile gasskraftverka ut av fylket.

– Det ser det som heilt uaktuelt å flytte ein produsent av straum som vi treng her i fylket, seier Grimstad.

To mobile gasskraftverk står i beredskap på Tjeldbergodden i Aure og på Aukra i tilfelle det skal oppstå ein krisesituasjon på straumforsyninga her i fylket.

Strenge krav til oppstart

Det er svært strenge krav for å få lov til å starte opp dei svært forureinande kraftverka. No vurderer Statnett å flytte eit av kraftverka til Hordaland fordi situasjonen der til tider er enda meir spent enn her.

Les også: Vurderer å flytte gasskraftverk

Skal dei flyttast må andre få konsesjon til å bygge ut gasskraft, seier Grimstad.

– I så fall må dei syte for å gi alternative produsentar moglegheit til å kome på bana slik som Industrikraft Møre. Dei kan produsere dobbelt så mykje som dei mobile gasskraftverka, seier Grimstad

Ei flytting er uansett ikkje aktuell før tidlegast vinteren 2011/2012.

Ei fallitterkæring

Fylkesordførar Olav Brattland frå Høgre meiner ei flytting av gasskraftverka til Hordaland vil vere ei fallitterkæring.

– Ein kan ikkje akseptere at gasskraft skal flyttast frå Midt Noreg til før vi har fått på plass den krafta vi treng. Det vil seie ny produksjon eller overføringslinene mellom Fardal og Ørskog, seier Brattland.

Han meiner at sist vinter syner den stramme energisituasjonen i området.

– Dei mobile gasskraftverka er den einaste reservekrafta vi har. Dei er derfor den einaste garatien vi har for at det heile kan gå i svart, fortel Brattland.