Under ein inspeksjon sist veke vart det avdekt at det er for varmt i fryseromet og at restauranten har ei oppvaskmaskin som er langt frå tilfredsstillande.
Restauranten har fått ei veke på seg til å rette opp manglane.
Fleire andre forhold knytt til hygiene, reinhald og rutinar må også betrast.
Mellom anna er det oppbevart fleire malingsspann på kjøkkenet, kjøkkenlokalet er veldig skittent og nedfetta, og forholda rundt handvaksen var heller ikkje tilfredsstillande.
Heller ikkje kokken var kledd i samsvar med dei krava som er stilt.