Hopp til innhold

Her er det fotballpub med fri bar

Medan fotballpubar i heile landet stenger ned, kan bebuarane på sjukeheimane i Kristiansund skåle og heie.

Kvar månad er det fotballpub på Bergan sykehjem i Kristiansund. Då høyrer det med øl, vin og snacks.

Stemninga er god i stova på Bergan sykehjem i Kristiansund. Det er open bar og på borda står øl, vin og snacks.

– Det e vi som e fra Kristiansund, ropar pubgjestane.

Rundt halsen har dei Kristiansund fotballklubb sine supporterskjerf og på storskjerm rullar høgdepunkt frå tidlegare KBK-kampar.

Mary Eva Marsteen sprudlar, smiler og syng supportersongar. Sjølv om hukommelsen til dei i stova ikkje er som før, kjem tekstane plutseleg.

– Eg skjøner i grunn ikkje korleis eg kom på songen, ler 90-åringen.

Fotballpub på Bergan sykehjem i Kristiansund

Mary Eva Marsteen (til venstre) syng med på fotballsongane. Bebuarane øver ofte på tekstane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ramlar nesten ut av stolen

Aktivitør Torill Alstad veit kvifor Marsteen og dei andre huskar songtekstane. Aktivitøren er ein ivrig KBK-supporter og var den som kom på ideen med fotballpub i fjor sommar. No er det fast pubdag kvar månad og bebuarane øver mykje både på heiarop og fotballsongar i forkant.

– Dei byrjar å bli skikkelege gode på hovedsongen. Og dei er så ivrige at dei held på og ramle ut av stolane. Det er veldig god stemning, seier Alstad.

Aktivitør Torill Alstad på fotballpub på Bergan sykehjem

Aktivitør Torill Alstad er ein ivrig KBK-supporter og blir rørt over den gode stemninga på sjukeheimen sin fotballpub.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Pause frå institusjonslivet

Ho veit at mange på demensavdelinga har vore glade i fotball tidlegare og ser at den gode stemninga på fotballpuben gjer at dei får ei pause frå institusjonspreget. Dei som ikkje likar fotball blir gjerne med for det sosiale. Det blir servert alkohol til dei som ynskjer det, andre får alkoholfrie alternativ.

Trur du mange misunner sjukeheimspasientane no når pubane i landet ikkje får servere alkohol?

– Det er mogleg, men dette er jo heimen deira, så det blir jo på ein annan måte, ler Alstad. Alle bebuarane er fullvaksinerte og også helsepersonell har tatt vaksine.

Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at det ikkje er forbod mot skjenking dersom dette skjer utan skjenkeløyve, slik som på sjukeheimane.

Fotballpub på Bergan sykehjem i Kristiansund

Før sesongstart varmar pubgjestane opp med høgdepunkt frå tidlegare kampar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Betyr mykje for klubben

– Det er heilt fantastisk. Å aldri gløyme å leve, seier kristiansundtrenar Christian Michelsen om dei eldste supporterane som sit på sjukeheimen og heiar på laget sitt. Trenaren meiner støtta frå dei eldste betyr mykje for klubben. Dette gir spelarane tru og energi på at dei kan prestere på fotballbanen.

– Du blir inspirert til å stå på endå meir. Vi gler oss til den dagen det ikkje berre er på sjukeheimspuben det er lov å samlast, seier Michelsen.

Fotballpuben på Bergan sykehjem har blitt så velukka at no skal dei tre andre sjukeheimane i kommunen også starte opp. Næringslivet har utstyrt dei med supporterutstyr og tilgang til KBK sine kampar.

KBK slo Molde

Trenar i KBK, Christian Michelsen, synest det er fantastisk å ha ein flokk med supportarar på sjukeheimane også.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Vil ikkje avslutte

Når dagens fotballpub nærmar seg slutten, opplever aktivitør Torill Alstad at mange er lite lystne til å avslutte.

– Dei er klare for nachspiel. Det er tydeleg at dei synest det er godt å gjere noko litt anna enn det vanlege, ler Alstad. Ho drøymer om å ha med ein liten gjeng på KBK-kamp når det opnar opp att for publikum.

Mary Eva Marsteen kosar seg på pub, men må innrømme ein ting:

– Fotball interesser meg ikkje så forferdeleg mykje. Handball er artigare, men det handlar om godt humør og det er jo det viktigaste, ler ho.

Fotballpub på Bergan sykehjem i Kristiansund

Den eine dagen i månaden er det ikkje sunn mat som står på menyen. Då skal det vere pommes frites i avispapir.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

LES OGSÅ: