Hopp til innhold

Permitterte Elisabeth (25) held bestemor i form: – Det kostar så lite

I vekevis har Elisabeth Flo dratt bestemor Ingrid Muri Simonsen (82) ut på altanen for ei treningsøkt. – Utfordringa med å halde eldre i aktivitet er enorm, seier Pensjonistforeininga.

Elisabeth Flo instruerar sørger for at bestemor Ingrid Muri Evensen held seg i form.

LETT PÅ TÅ: Dei siste månadane har Elisabeth Flo hatt treningsøkter saman med bestemor Ingrid Muri Simonsen på 82. – forma kjem seg, seier Simonsen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Elisabeth er ein god pådrivar. Samstundes tykkjer eg det er veldig kjekt når eg først kjem i gang, seier Ingrid Muri Simonsen (82).

Sidan koronakrisa ramma Noreg har mange eldre vorte stadig meir isolert frå resten av samfunnet. Mange vert sitjande i ro.

Då den faste fellestreninga i Stryn vart stengt, stoppa også aktivitetsnivået heilt opp for Simonsen. Hjelpa kom frå eit barneborn i nærleiken, som nekta å late 82-åringen få sitje inne og sture for seg sjølv.

Treningsøkt Stryn

FULL STREKK: Treningsprogrammet på vel 30 minutt involverer mykje dans, litt tøy og litt bøy.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Kostar lite

– Det er ikkje verre enn å ta med ein liten høgtalar, og få ho med ut. Det kostar så lite, og ein får så mykje att, seier Elisabeth Flo, som til vanleg jobbar som personleg trenar.

Då ho vart permittert frå jobben, reiste ho heim til Stryn. Der såg ho seg ut eit nytt prosjekt – å få bestemor i form.

Elisabeth Flo i fullt driv.

VIKTIG: For Elisabeth Flo er det viktig at bestemora held seg i fysisk aktivitet. – Fysisk aktivitet blant eldre er noko me snakkar for lite om generelt, seier ho.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Også for bestemor Ingrid er møta kjærkomne. For sjølv om treninga krev sin innsats, er det ingen tvil om at gevinsten er stor.

– At eg har komme meg ut og fått trening, kan eg takke Elisabeth for. Eg synest det er fantastisk at ho vil kome og trene saman med meg, seier ho.

Ingrid Simonsen konsentrerar seg.

EKSTATISK: Ingrid Muri Simonsen vert ekstra engasjert då favorittsongen «Con te partiro» av Andrea Bocelli, kjem på.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Mange sturar inne

Nestleiar Nils-Edvard Olsen i Pensjonistforbundet meiner det er eit problem at koronabestemmingane avgrensar eldre sin aktivitet. Mange som tidlegare har fått hjelp til å vere aktive, sit no og sturar inne.

– Utfordringa er kolossalt stor. Det er utruleg mange folk som sit einsame no, seier han.

Olsen meiner kommunane har eit stort ansvar for å få i gang aktivitetar, og at oppmodingar frå heimesjukepleien og frå familie kan vere gull verdt.

– Det er viktig å få dei aktive, for det er så destruktivt berre å sjå på ein TV heime.

– Eit tydeleg behov

Ein som også meiner det er viktig for eldre å halde seg i aktivitet er «treningsguru» Yngvar Andersen. Sidan april har han laga instruksjonsvideoar for NRK, med enkle mosjonsøvingar som eldre kan gjere i heimen.

Han har aldri har fått så mange tilbakemeldingar for treningsvideoane sine som no.

– Det er tydeleg at det har vore eit behov der. Øvingane varar jo berre rundt fem minutt, men mange har skrive at det godt kunne ha vara lengre. Det tenkjer eg er heilt perfekt, seier han.

Yngvar Andersen trener fra sofaen

BEHOV: Yngvar Andersen meiner det er ekstra viktig å rette fokus mot mosjon for eldre i desse koronatider.

Foto: Karina Kaupang Jørgensenn / NRK

Andersen vert imponert av engasjementet til Elisabeth Flo. Han skulle ønskje fleire valde å gjere det same.

– Då eg fekk høyre om det, så fekk eg jo både gåsehud og ein liten fin tåre i augekroken. Slike ting er så viktig, for det betyr så mykje for livskvaliteten, seier han.

Meir enn trening

Tilbake i Stryn og nok ei treningsøkt over. Sjølv om Simonsen likar øktene til barnebarnet, vedgår ho at det store høgdepunktet kjem i etterkant.

– Kaffikosen etterpå er viktig, for då tar me opp dei store spørsmåla. Eg føler eg kan snakke med Elisabeth om alt, og eg håpar jo at ho føler det same med meg også, seier Simonsen, og smiler til barnebarnet.

Kaffikos i Stryn.

TRENE FYST: Ingrid Muri Simonsen pustar godt ut etter nok ein solid treningsøkt. – Kaffikosen i etterkant er vel så viktig, seier ho.

Foto: Ola Weel Skram / NRK