Hopp til innhold

Krisekommunikasjonen må bli betre

Kommunikasjonen fekk mykje merksemd i rapporten etter Tyr-øvinga i Storfjorden i fjor haust. Tysdag vart den lagt fram i Ålesund.

På spillrommet der blant annet politi oppholdt seg under Tyr-øvelsen.

Om lag 50 etatar var med på øvinga Tyr i Storfjorden hausten 2008.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Øvinga handla om kva som kan skje dersom Åkneset raser ut i Storfjorden.

I dag vart rapporten presentert og gjennomgått i Ålesund.

Video nsps_upload_2009_2_10_19_51_17_589.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.
Oddbjørn Mjølhus

Leiaren for Politidirektoratet si beredskapsgruppe, Oddbjørn Mjølhus, måtte svare på spørsmål då rapporten etter Tyr-øvinga vart lagt fram.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- I dag har vi gjennomgått evalueringsrapporten, som er veldig grundig og omfattande. Den peiker også på vegen vidare, seier leiar for beredskapsgruppa i Politidirektoratet, Oddbjørn Mjølhus.

- Viss vi ikkje kunne finne forbetringspunkt gjennom denne rapporten ville øvinga vore unyttig, legg han til.

Les og:

Alarmen gjekk etter evakueringa

Raset har gått!

Var klar da raset gikk

Må ha fleire og betre rutinar

Men øvinga var på ingen måte unyttig. Om lag 60 representantar frå dei 50 etatane som var med på øvinga var i dag samla i Ålesund for å drøfte rapporten.

Og av punkta som har forbetringspotensiale finn ein kommunikasjon i fleire former.

- Det var ein del forbetringsområder med tanke på varsling av folk som bur i området, og det vil bli tatt fatt i med koordinering av fylkesmannen og beredskapssenteret og politiet, seier Mjølhus.

- Her vil ein ha inn fleire og betre rutinar.

Ottar Befring

Fylkesmann Ottar Befring er nøgd med rapporten som vart presentert etter øvinga Tyr.

Foto: Åge André Breivik / NRK

I tillegg har ein i rapporten lagt vekt på at det har vore sviktande rutiner oppover i systemet under øvinga, noko fylkesmann Ottar Befring meiner kan han samanheng med mangel på ressursar.

Mykje ny kunnskap

Befring seier at ein må gjenta øvingane for å halde beredskapen ved like.

- Vi kjem til å øve, men ikkje i så stort format. Vi kjem vel meir til å øve innan kommunane, to og to kommunar, kommunal beredskap, seier Befring.

Han meiner at ein sit att med mykje ny kunnskap etter samlinga i Ålesund i dag.

- Eg har brukt eit bilete tidlegare i dag, på at ei øving er 50 prosent mestringsglede. Vi er glad for at dette gjekk bra. Dei andre 50 prosenta er reell kunnskap som vi treng for å forbetre oss. Evalueringsrapporten gir eit godt bilete av det vi opplevde i øvinga, fortel han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL