Hopp til innhold

Alarmen gjekk etter evakueringa

Tsunamivarselet gjekk først etter at folk blei evakuerte i den store katastrofeøvinga Tyr i Storfjorden i dag.

Katastrofeøvelse Storfjorden
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

I Tyr øver ein på rednings- og evakueringsplanar i tilfelle det skjer eir ras i Åkerneset.

Bård Olsen i øvingsstaben seier at slik skulle det ikkje vere.

- Etter kva eg har høyrt er at det har stokka seg litt slik at varselet kom etter evakueringa. Det ideelle er joat evakueringa skjer etter at varslinga er gitt, seier Bård Olsen

Han meiner likevel øvinga så langt har vore vellykka.

Rundt 1 000 personar og 50 instansar deltar i politidirektoratets katastrofeøving Tyr som no pågår i Storfjorden.

Dersom Åkerneset losnar og går i sjøen kan det føre til ei flodbølge på opp mot 40 meter, og fleire bygdesamfunn blir ramma.

På rådhuset i Valldal hadde den kommunale kriseleiinga sett stab i dag.

- Det vi gjer at vi støttar politiet i deira evakuering og det personellet som er i oppyllingsområdet, seier ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal.

Manglar

Bjørn Inge Ruset og Johan Arnt Overøye

Ordførar Bjørn Inge Ruset og innsatsleiar Johan Arnt Overøye

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Skular, aldersheimar og sjukeheimar er allreie flytta til sikre område som ligg over det som vil bli ramma av ei flodbølge. Ordføraren har allereie funne manglar i kommunen sin beredskap.

- Ja, det kjem fram nokre forhold som vi må justere etterkvart og det tar vi no inn og det er og fordelen med denneøvinga at vi får eit best mogleg resultat den dagen dette verkeleg skjer, seier Bjørn Inge Ruset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL