Hopp til innhold

Vi får ikkje vite kvar dei aller fleste av tilfluktsromma våre er

Heile 19.000 av tilfluktsromma våre er private. Kvar du finn desse romma, vil styresmaktene halde hemmeleg.

Restaurant China Palace i Verdal, som ligger nede i kjelleren på et kjøpesenter. Det er røde vegger og grønne plastblomster i taket. En dame er på vei ut fra lokalet. På veggen over inngangsdøra henger et gult skilt hvor det står: Tilfluktsrom.

1 AV 19.000: Dette er ikkje berre ein restaurant, men òg eit av landets mange private tilfluktsrom.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK
Gjester står ved kassa i restauranten China Palace i Verdal, som ligger nede i kjelleren på et kjøpesenter. Kinesiske lanterner henger ned fra taket. En kinesisk familie driver denne restauranten som er i et tilfluktsrom.

No er det ein familie som driv denne kinesiske restauranten i Verdal i Trøndelag.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK
Gjester som sitter og står ved bordene i restauranten China Palace i Verdal, som ligger nede i kjelleren på et kjøpesenter. Det er røde vegger og stolper i rommet, svart tak, samt grønne plastplanter mellom bordene.

Tilfluktsrommet har vore her i mange år, og er kjend blant dei lokale kundane som kjem hit for å bestille mat.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK
En rød plakat på veggen som beskriver klargjøringsinstrukser for slusen i tilfluktsrommet i restaurant China Palace i Verdal, som ligger nede i kjelleren på et kjøpesenter.

Både taket og veggane er svartmåla. Før i tida blei desse lokalala brukt til nattklubb – samtundes som det var eit tilfluktsrom.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK
Restaurant China Palace i Verdal, som ligger nede i kjelleren på et kjøpesenter. Det er røde vegger og grønne plastblomster i taket. Ovenfor døråpningen henger et grønt og hvitt skilt som viser nødutvei.

Loven seier at restaurantlokalet i løpet av 72 timar skal kunne bli klargjort og brukast som tilfluktsrom.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK
Restauranten China Palace i Verdal

Dette tilfluktsrommet ligg i kjellaren på eit kjøpesenter – slik som mange av dei 19.000 private tilfluktsromma i Noreg gjer.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

I kjellaren på kjøpesenteret Amfi Verdal ligg restauranten China Palace. Om du ser godt etter kan du skimte ein lyskastar i det svartmåla taket til restauranten.

For denne restauranten har også fungert som ein nattklubb ein gong i tida. I tillegg til at det er eit tilfluktsrom.

Men dette er ikkje eitt av dei 600 offentlege tilfluktsromma som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) viser fram i oversikta si.

Dette er eit privat tilfluktsrom – meint for dei som oppheld seg på kjøpesenteret i Verdal.

Skjermdump frå DSB si oversikt over dei offentlege tilfluktsromma i Noreg.

DSB si offisielle oversikt viser berre ein brøkdel av dei tilfluktsromma som vi har tilgjengeleg i Noreg.

Foto: Skjermdump / dsb.no

Sjekk kommunen din

Fram til no har ikkje vi som innbyggjarar fått vite kvar alle dei 19.000 private tilfluktsromma i Noreg ligg – eller kapasiteten til kvar og ein av desse.

Men no kan NRK presentere ei samla oversikt over korleis dekningsgraden er i alle kommunane i landet. Oversikta omfattar både offentlege og private tilfluktsrom.

Her kan du sjå plassar fordelt på innbyggjarar i kvar kommune:

Kommunar med høgst dekningsgrad

Tabell en av en
KommuneArbeidsledighet i prosent
Nordkapp136 %
Vardø129 %
Røyrvik - Raarvihke103 %
Sør-Varanger88 %
Vadsø86 %
Kilde: Tala er henta frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Dei opplyser at oversikta kan innehalde feil og manglar.

Derfor er adressene hemmelege

Men den eksakte adressa får du ikkje vite. Det vil nemleg styresmaktene framleis halde hemmeleg.

– Nokre av desse romma ligg til dømes i bedrifter og verksemder som vil kunne ha ein viktig funksjon i ei eventuell sikkerheitspolitisk krise og krig.

Det seier sjef for Sivilforsvaret, Øistein Knudsen jr. Sivilforsvaret er underlagd DSB, med ansvar for oversikta over tilfluktsrom.

– Derfor vil vi at eigarane av romma sjølve må ta ei avgjerd – etter ei risikovurdering av moglege negative konsekvensar – dersom dei ønsker å legge ut adresser offentleg tilgjengeleg.

DSB og Sivilforsvaret markerte 17. mars 2022 tiltredelsen av Øistein Knudsen Jr. som ny sjef for Sivilforsvaret

Sjef for Sivilforsvaret, Øistein Knudsen jr.

Foto: Stian Olberg / DSB

Tilfluktsromma på skular er private

Dei offentlege tilfluktsromma er meint for alle. Desse kan du oppsøkje når alarmen går. Men slik fungerer det ikkje for dei private.

Dei private tilfluktsromma er berre for dei som oppheld seg der tilfluktsrommet er. Kontorbygg, skular, barnehagar, burettslag, bedrifter, butikkar eller hotell er døme på private tilfluktsrom.

Desse romma er bygde for talet på personar som oppheld seg i bygget. Det er ikkje ønska at dei som ikkje høyrer til bygninga skal oppsøkje private tilfluktsrom.

Tilfluktsrom

I dag har Noreg i underkant av 20.000 tilfluktsrom med plass til cirka 2,5 millionar personar. Desse er fordelte på denne måten:

Tilfluktsrom

600 er offentlege tilfluktsrom med plass til rundt 300.000 personar.

Tilfluktsrom

19.000 er private tilfluktsrom med plass til rundt 2,2 millionar personar.

Mange kommunar manglar tilfluktsrom

Ifølgje DSB er det om lag 50 kommunar som ikkje har tilfluktsrom. Éin av desse er Aure kommune i Møre og Romsdal.

Men då NRK tok kontakt med kommunen, kunne dei fortelje at dette ikkje stemte.

– Vi har tre tilfluktsrom som vi brukar til andre ting i det daglege, men som fort kan bli rigga om til tilfluktsrom, seier ordføraren i Aure, Hanne-Berit Brekken (Ap).

Aure kommune husar mellom anna gassterminalen på Tjelbergodden – som Forsvaret har byrja å patruljere etter at gassrørleidningar blei sprengde i Austersjøen for ein månad sidan.

Ordførar i Aure kommune, Hanne-Berit Brekken. Ho står i eitt av kommunens tilfluktsrom.

Ordførar i Aure kommune, Hanne-Berit Brekken (Ap), i eitt av tilfluktsromma til kommunen. Dette er eit privat tilfluktsrom.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Handlar om befolkninga sin tryggleik

Kvifor dei tre tilfluktsromma ikkje er i oversikta til DSB, veit ordføraren ikkje. Ho meiner det er dumt at DSB ikkje har full oversikt.

Det synest eg er synd. Det handlar om innbyggjarane sin tryggleik. Skulle det skje noko, om vi treng tilfluktsrom, så seier det jo innbyggjarane mine noko når det står at vi ikkje har det, når faktum er at vi faktisk har tre rom. Så det synest eg er dumt.

Sjefen for Sivilforsvaret vedgår sjølv at oversikta dei har, er for dårleg.

– Den oversikta kan definitivt bli betre, seier Øistein Knudsen jr.

Ifølgje Knudsen jr. har det vore lite fokus på tilfluktsrom dei siste tjue åra, men at dette er noko dei no jobbar med å få betre oversikt over.

Les også Har ikke bygd nye offentlige tilfluktsrom i Norge på over 20 år

Andersgrotta, tilfluktsrom i Kirkenes

Kva om krigen kjem på ein søndag?

Men kva gjer vi om krigen kjem i helga – når du og eg ikkje er på jobb eller skule. Kvar skal vi søke ly då? Det vil vi få varsel om, seier Sivilforsvaret.

– Om styresmaktene vil at tilfluktsromma skal bli tatt i bruk, så vil vi gå ut med informasjon om dette, fortel Knudsen jr.

Han peiker på at det er viktig å søkje informasjon på offentlege nettstader eller i media den dagen det kan vere aktuelt å ta i bruk eit tilfluktsrom.

– Ikkje spring til eit tilfluktsrom i første omgang, det kan vere vel så effektivt å søke tilflukt der ein er. Viss tilfluktsrom skal bli tatt i bruk, så vil vi gi varsel om dette.

Ifølgje DBS har berre 135 av 356 kommunar offentlege tilfluktsrom. Sjølv om vi ikkje har hatt direkte behov for å oppsøke tilfluktsrom sidan andre verdskrig, er det heilt klart eit behov for desse.

Det er konklusjonen til Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i ein rapport frå 2016.

Les også No kan parkeringshuset eller tunnelen bli ditt nye tilfluktsrom

Parkeringshus kan bli nye tilfluktsrom i Noreg.

Les også Hackingen har hittil kostet dem over 30 millioner: Slik er norske kommuner forberedt på krise

Hacking Østre Toten, gjenoppretting av maskiner

Hei!

Har du tips som gjeld beredskap i Noreg, eller andre tema? Ta gjerne kontakt.