Hopp til innhold

No kan parkeringshuset eller tunnelen bli ditt nye tilfluktsrom

I Noreg har vi berre plass til halvparten av innbyggjarane i dagens tilfluktsrom. No skal DSB tenke kreativt når dei skal sjå på nye måtar å søke ly på.

Kan parkeringshuset fungere som tilfluktsrom?

PARKERINGSHUS: I Ålesund har dei bygd eit parkeringshus inne i fjellet. Dette kan i framtida bli eit alternativ til tilfluktsrom. .

Foto: Jonas Otneim / NRK

Ein tunnel, ei undergrunnsbane, parkeringshuset eller kjøpesenteret kan vere staden du skal søke tilflukt i framtida.

Ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil summen på å ruste opp dagens tilfluktsrom bli eit milliardbeløp. Noreg har om lag 20.000 tilfluktsrom, og nokre av dei er i dårleg stand.

No skal direktoratet sjå på alternativ til tilfluktsrom.

Vi kallar det for trygge opphaldsstader. Då er det ikkje nødvendigvis berre i fjellet som tilfluktsrom er i dag, men det kan godt vere i bygningar med veldig tjukke vegger, som mange bygningar har.

Det seier direktør i DSB, Elisabeth Sørbøe Aarsæter.

Det kan vere i undergrunnsbaner, i tunnelar, og så videre. Dette er det på tide å sjå på.

Tunnel kan bli eit nytt tilfluktsrom.

TUNNEL: I eit forprosjekt skal DSB undersøke om tunnelar kan vere eit alternativ til eit tilfluktsrom, eller bomberom som nokon også kallar det.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Dei gjer dette på oppdrag frå regjeringa. Det har vore ei bevisst politisk handling å ikkje bygge nye tilfluktsrom sidan 1998.

Dagens tilfluktsrom kan bli ført vidare, men i tillegg blir det sett på andre alternativ.

– Får meir for pengane

Dette kan gi ein fordel både økonomisk og med tanke på kapasitet meiner ekspert på beredskap.

– Fordelen med desse nye, sikre, romma der vi tenker nytt, er at vi får meir for pengane rett og slett, seier førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, Bjørn Tallak Bakken.

Bjørn Tallak Bakken

EKSPERT: Bjørn Tallak Bakken er ekspert på beredskap og samfunnssikkerheit. Han har ein doktorgrad i avgjerdstaking i kriser.

Foto: Håvard Madsbakken

Han peiker på at det er fleire nye leilegheitsbygg i dag som blir bygd med garasjeanlegg under bakken. Om ein legg til rette for at desse skal kunne beskytte oss i tilfelle det blir krig, så kan ein spare ein del pengar på det.

– Ein fordel til er sjølvsagt at vi får betre kapasitet, dette kjem nærmare der folk bur. Det blir lettare å finne fram, seier han.

Ifølgje DSB så må alle nye bygningar over 1000 kvadratmeter legge til rette for tilfluktsrom, men stort sett alle som søker får i dag dispensasjon. Dei siste 20 åra har rundt 400 nye bygg fått fritak frå å bygge tilfluktsrom.

Vil ta tid

DSB sitt forprosjekt om tilfluktsrom skal vere ferdig innan året er omme.

Dette er svære greier, det er mange ting vi skal sjå på her. Så skal vi jobbe med dette i 2023. Det fine no er at interessa er veldig til stades, at kommunane viser interesse for dette, det er viktig, seier Aarsæter i DSB.

Mange har vore bekymra for beredskapen i Noreg den siste tida, og til dei har direktøren gode råd.

I Noreg er det store solide system på beredskapssida for befolkninga og landet vårt. Så det er ikkje nødvendig at du og eg tenker så mykje på planar for evakuering og planar for tilfluktsrom.

Tilfluktsrom i Kristiansund

TILFLUKTSROM: På rådhuset i Kristiansund brukar dei tilfluktsrommet som dokumentarkiv i dag. Det skal kunne bli rydda og vere klart innan 72 timar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Men om du er ein av dei som bekymrar deg mykje, så har ho eit tips til deg.

Så er eg tilhengar av om du tenker mykje på dette med tilfluktsrom, så kan du undersøke kvar ditt nærmaste tilfluktsrom er, men eg vil understreke, at dette ikkje er nødvendig i Noreg no.