Hopp til innhold

Må sikre at ingen juksar med glattkøyringskurs

Samferdsleministeren vil sende utanlandske vogntogsjåførar på glattkøyringskurs. Lastebileigarforbundet er opptekne av at ingen skal kunne jukse med kursbevis.

Russisk vogntog i Umbukta

Vogntog som får problem på norske vintervegar er eit vanleg syn. Samferdsleministeren ynskjer eit vintersertifikat for utanlandske vogntogsjåførar.

Foto: Leserbilde

Alle norske sjåførar må ha glattkøyringskurs, men slike krav blir ikkje stilt til utanlandske vogntogsjåførar. Gong på gong kjem dei inn i landet med nedslitne dekk og utan kjettingar. No vil samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) innføre eit eige glattkøyringssertifikat for tungtransportsjåførar i Europa. Det er heilt i tråd med Norges Lastebileigarforbund (NLF) sine krav.

LES OGSÅ:

Unngå juks

Finn Andre Fredvig Erichsen

Finn Andre Fredvig-Erichsen meiner det er viktig at glattkøyringskurs for utanlandske sjåførar vert gjennomført på ein skikkeleg måte.

Foto: Trond Vestre

– For oss er det viktig at dette skal gjennomførast på ein skikkeleg måte og at det ikkje skal gå an å jukse seg til papira, seier fylkesleiar i NLF, Finn Andre Fredvig-Erichsen.

Han meiner at det gjentekne gongar har blitt avdekt juks med papir under kontrollar.

Mange utanlandske sjåførar

Lastebileigarforbundet sine eigne teljingar viser at om lag 35 prosent av alle vogntog gjennom Romsdalen er utanlandske. I tillegg er det mange utanlandske sjåførar i norskregistrerte bilar som heller ikkje har glattkøyringskurs.

– Eg håper at firma som har utanlandske sjåførar, gir dei relevant opplæring og skulering, seier Fredvig-Erichsen.

Tar tid

Det er usikkert når eit vinterserifikat for utanlandske sjåførar kan bli ein realitet. Samferdsleministeren uttalte i går at i beste fall kan det skje om eitt år, men sidan vi ikkje er medlem av EU kan det bli ein langdryg prosess.

– Eg er heilt sikker på at det lar seg gjennomføre og når samferdsleministeren gir så gode tilbakemeldingar, så trur eg styresmaktene ser at det er naudsynt å få på plass, seier Fredvig-Erichsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL