
Audun Maråk (Foto: Fiskebåtredernes Forbund)
Dei internasjonale forskarane la i dag fram si tilråding for 2006 der totalkvoten er foreslått ytterlegare redusert. Maråk er ikkje overraska, men beklagar det russiske overfisket.
– Vi kunne hatt ei pen kvoteauke hadde det ikkje vore for det russiske overfisket, og det må stoppast! Norske fiskaarar skal ikkje betale rekninga for russisk overfiske, seier Maråk.
Statusrapport
Forskarane sine tilrådingar er også ein statusrapport for korleis det står til med dei ulike fiskeslagea. For kysttorsken er situasjonen lite hyggeleg, og her har forskarane sagt nei til fangst, medan silda har hatt tre dårlege årsklassar på rad. Sildebestanden er god, men rektrutteringa er dårleg, og det gir grunn til ei viss uro.
For dei andre fiskeslaga peikar pila noko oppover, men Maråk meiner altså at kvotene for den norsk-arktiske torsken ville ha vore høgare dersom det ikkje hadde vore for russisk tjuvfiske.
– Nummer ein-sak
Norske styresmakter har gjort ein del, mener Maråk, men må trykke mykje meir på. Frå russisk side blir det gjort svært lite, meiner han.
– Dette må løftast opp på eit så høgt politisk nivå som mogleg, og Noreg må ha dette som nummer ein-sak i relasjonen til Russland