Hopp til innhold

Fryktar at turbinane vil bli bygd i utlandet

Regjeringa sine planar om satsing på havvind har fått mykje applaus. No krev den maritime industrien at oppdraga går til norske bedrifter.

Frå uminnelege tider har bygging av båtar vore viktig for livsgrunnlaget for folk som bur langs kysten. Det har vore oppturar og nedturar. Men dei som byggjer båtane, har alltid klart å klore seg fast.

For å overleve har dei vore nøydde til å omstille seg. Frå seglbåtar til damp, frå tradisjonelle fiskebåtar til hurtigruteskip. Og i nyare tid har dei bygd brønnbåtar, skip som skal forsyne oljeplattformer og båtar som skal frakte cruiseturistar på jakt etter norske fjordar.

Og no kan dei få nye bein å stå på. Vindturbinar som skal stå langt ute i havet. Satsinga på havvind kan gi verfta langs kysten eit nytt liv. Og regjeringa sine planar er storstilte.

– Dette er noko vi omfamnar med begge hender, seier Henrik Dalelid Vedde i Maritimt Forum Nordvest.

Dudgeon offshore wind

Havvindparken Dudgeon utanfor kysten av Norfolk i Storbritannia, blei opna i november 2017.

Foto: Ole Jørgen Bratland, Equinor

Høge ambisjonar

Havvind har vore ein snakkis i fleire år utan at det har skjedd så veldig mykje. Men statsministeren meiner at regjeringa siktar høgt når dei satsar på havvind.

Planane inneber at vindturbinar til havs aleine skal produsere nesten like mykje straum som den norske vasskrafta gjer i dag.

– Med denne ambisjonen går vi frå dei to havvindturbinane som er i drift i dag til om lag 1500 havvindturbinar. Bygginga skal skje i løpet av dei neste 20 åra, seier Jonas Gahr Støre.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på pressekonferanse om ny satsing på havvind.

Statsminister Jonas Gahr Støre presenterer regjeringa si satsing på havvind.

Foto: NTB

Krev byggjeoppdrag til norsk industri

Men det handlar ikkje berre om kraftforsyning og grøn politikk. Dette handlar og om kven som skal bli vinnarane når satsinga på havvind blir rulla ut. Regjeringa vil at denne satsinga skal bidra til å sikre fleire arbeidsplassar i norsk industri.

Men det er ikkje berre å knipse med fingrane. Norske verft har ofte opplevd at dei utanlandske konkurrentane har stukke av med oppdraga fordi dei kan gjere jobben billigare.

Og no vil ikkje Jan Thormodsæter i Maritim Forening Søre Sunnmøre ha festtalar og snakk. Han krev at den maritime industrien i Noreg må bli ein del av satsinga på havvind.

– Når AS Noreg satsar på dette så må AS Noreg og vere interessert i at norskeigde bedrifter får vere med på dette.

– Meir katolsk enn paven

JAN THORMODSÆTER, Mafoss

Jan Thormodsæter meiner den norske industrien må få byggjeoppdrag når satsinga på havvind kjem i gang.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er EU sine reglar om konkurranse som har vore den store utfordringa. EØS-avtalen inneber at dette er reglar som Noreg skal følgje. Dei som byggjer båtar langs kysten, opplever at mange av jobbane hamnar på utanlandske hender.

Reglane er strenge, og set klåre grenser for korleis styresmaktene kan hjelpe norske verft i kampen for å få byggjeoppdrag. Men Thormodsæter meiner norske politikarar må utfordre reglane og finne eit handlingsrom.

– Eg synest vi ofte er meir katolsk enn paven når det gjeld EU sitt regelverk. Vi må utfordre EU sine reglar. Vi skal byggje ny kompetanse, og den vil vi byggje på norske hender.

Disse feltene utenfor Norge vurderes til flytende havvind

TOMT: I dag er det to område utanfor kysten av Noreg som er opna for utbygging av havvind: Sørlege Nordsjø II, som ligg i havområdet mellom Noreg og Danmark, og Utsira nord, utanfor Haugesund.

Satsinga på havvind er omstridd og den har fått kritikk. Det er særleg omsynet til fiskeria som skaper uro. Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) deler denne uroa og meiner satsinga på havvind må ta omsyn til fiskeria dersom det skal vere ei grøn satsing.

Men Klinge støttar fullt ut kravet om at satsinga på havvind skal kome norsk industri til gode. Og handlingsrommet er der, meiner ho.

– Det er heilt uaktuelt med ei slik satsing utan at ein sørger for at den norske verftsnæringa får ta del i den oppturen det vil vere for dei. Så her skal vi stå hardt på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL