Hopp til innhold

Vil produsera nesten like mykje havvindkraft som dagens vasskraft

Regjeringa føreslår å bygga ut 1500 vindturbinar til havs innan 2040. SV, MDG og Høgre meiner tempoet må opp, medan fiskerinæringa er bekymra for fiske.

Vindmøller til havs.

HAVVINDSATSING: Regjeringa vil legga til rette for å bygga ut 1500 havvindturbinar i Noreg.

Foto: Øyvind Gravås / Equinor / NTB

Regjeringa har tidlegare varsla at dei vil legga til rette for ei ny satsting på havvind.

Dei meiner Noreg treng rimelegare og fornybar kraft for å bygga opp ein meir klimavennleg industri, som også kan eksportera til Europa.

– I dag lanserer me ei storstilt satsing på havvind. Ambisjonen vår er at me innan 2040 tildeler område for 30.000 MW havvindproduksjon i Noreg.

Dette målet er nesten like mykje som den samla produksjonskapasiteten til vasskraft i Noreg i dag.

Kor mykje produksjon ein kapasitet på 30.000 MW kan gje i framtida vil avhenga av kor mykje marknaden er villig å betala, samt teknologiutvikling, vindforhald og plassering av vindturbinane. Det opplyser statssekretær Elisabeth Sæther i Olje- og energideparementet.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på pressekonferanse om ny satsing på havvind.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på pressekonferanse om ny satsing på havvind.

Foto: NTB

– Med denne ambisjonen går me frå dei to havvindturbinane som er i drift i dag til om lag 1500 havvindturbinar. Bygginga skal skje i løpet av dei neste 20 åra, seier Gahr Støre.

Regjeringa vil legga til retta for ny utbygging av havvind som opnar for bruk av ulike nettløysingar. Her vil regjeringa vurdera kablar med tovegs kraftflyt mellom Europa og Noreg.

Det norske kraftnettet vil ikkje kunna handtera ei så stor mengde kraft, og dermed vil ein betydeleg del av dette bli eksportert, skriv regjeringa i ei pressemelding.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er glad for den nye satstinga. Ho meiner det no vil bli viktig å sikra norske arbeidsplassar, samt nok og rimeleg kraft til Noreg.

– Denne satsinga må eigast av det norske folk og ho må gje noko tilbake til det norske folk.

Peggy Hessen Følsvik, leder i LO

Peggy Hessen Følsvik, leiar i LO.

Foto: Patrick da Silva Sæther / Patrick da Silva Sæther

NHO-direktør Ole Erik Almlid håper regjeringa sine ambisjonar vil skapa brei einigheit i Stortinget, og at dei blir omsett til konkrete planar og fungerande prosjekt.

Startar i 2025

Neste runde med tildeling av konsesjonar for havvind i nye område vil skje i 2025, dersom regjeringa får det slik dei vil.

Olje- og energiminister Terje Aasland seier at regjeringa vil legga til rette for ei raskare konsesjonsbehandling, men samtidig ei trinnvis tildeling av areal.

Ambisjonen er å opna eit samla areal som svarar til omtrent eit prosent av norske havområde, eller fem til seks gonger Sørlege Nordsjø II.

– Målet er å gje folk og bedrifter store mengder rimeleg kraft, som kan skapa arbeidsplassar over heile landet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Sørlige Nordsjø II

Arealet av Sørlege Nordsjø II er markert i raudt. Regjeringa vil no bruka eit areal på fem til seks gonger dette arealet til å bygga ut nye havvindturbinar.

Grafikk: Equinor / RWE / Hydro

Saknar konkrete verkemiddel

Miljøpartiet dei grøne (MDG) føreslo i fjor å produsera 30.000 MW innan 2030.

Næringspolitisk talsperson i MDG Rasmus Hansson meiner det er bra at regjeringa aukar ambisjonsnivået, men understrekar at 2040 er lenge til.

– Målet kan fort bli ei sovepute. Me treng tydelege, talfesta 2030-mål for havvind, slik fleire land rundt oss har.

Energipolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, meiner regjeringa manglar verkemiddel for å nå måla.

– Dette er altfor slapt. Det held ikkje å setta ambisiøse mål utan å ha nokon verkemiddel. Det er heller ikkje avklart kven som skal betala for dette.

Haltbrekken meiner regjeringa kunne pålagt oljeselskapa å bygga ut flytande havvind, slik at dei betalar prisen.

Medlem i Stortinget si Energi- og miljøkomite Nikolai Astrup (H), meiner det er bra at regjeringa lanserer den nye satsinga, men at tempoet er for lågt.

– Det viktigaste er kva regjeringa har tenkt til å gjera for å nå målet, og det seier dei ingenting om.

Astrup seier andre land har høgare ambisjonar, og at Noreg risikerer å hamne bakpå.

– Me skal derfor jobba for å auka tempoet og ambisjonsnivået når energimeldinga no er til behandling i Stortinget, og vil invitera regjeringspartia til å vera med på det.

Venstres Ola Elvestuen er også kritisk:

– Svakt at regjeringa ikkje ryddar opp i sitt eige elendige forslag frå i vinter der dei ikkje vil tillate hybridkablar. Det er det næringa treng no for å få fart i utbygginga av havvind. Hele Sørlige Nordsjø II må dessutan kunngjerast før 2025, seier Elvestuen.

Meiner konsekvensane blir oversett

Informasjonsleiar i havfiskeflåten sin organisasjonen Fiskebåt, Odd Kristian Dahle, er uroa for omfanget av vindkraftutbygginga til havs som regjeringa no føreslår.

– Både når det arealbruken, men også usikkerheita rundt konsekvensane dette kan få for økosystema i havet.

Torsk i kar.

Torsk i kar på Glea i Røst. Fiskerinæringa er uroa for korleis utbygging av havvind vil påverka fisken sitt økosystem.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Dahle meiner det er viktig at regjeringa følg opp fiskeriinteressene i praksis, og at det blir sett av nok midlar til konsekvensutgreiing for fiskeri og miljø.

– Utan slike data vil det vera vanskeleg å ta omsyn til miljøet under utbygging, og ein vil heller ikkje seia noko om miljøkonsekvensane i ettertid.

Generalsekretær i WWF verdas naturfond, Karoline Andaur, meiner det er bra at regjeringa legg til rette for omstilling frå fossil energi.

– Men ei storstilt satsing på havvind krev ei storstilt satsing på natur.

WWF meiner regjeringa må ta omsyn til naturmangfaldet, og sikra at leve- og trekkområdet til trua artar ikkje blir oppstykka.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur.

Generalsekretær i WWF verdas naturfond Karoline Andaur.

Foto: Haakon Nordvik / WWF Verdens naturfond

Glade for ny satsing

Havvindbransjen er glade for den nye satsinga, som dei har venta på lenge.

Norwegian Offshore Wind representerer 361 havvindbedrifter i Noreg. Leiar, Arvid Nesse, er nøgd med at bransjen no har fått ei tidslinje å retta seg etter.

– Det skapar føreseielegheit som bransjen treng for å setta i gang å gjera investeringar.

Administrerande direktør i Noreg Rederiforbund Harald Solberg meiner det er bra at Noreg melder seg på kraftkonkurransen i Europa.

– Me har store forventningar til at oppjusteringa gjer at regjeringa også effektiviserer konsesjonsprosessane, slik at me kjem raskt i gang.

Pengar til forsking

Regjeringa føreslår å gje 10 millionar kroner ekstra til Havforskingsinstituttet i det reviderte nasjonalbudsjettet.

Målet er å styrka kunnskapen om kva effektar vindkraft til havs og havbruk har på fiskeria.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i Svolvær.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier til NTB at regjeringa ønsker at vindkraft- og havbruksnæringa skal kunna leva godt saman med fiskerinæringa.

For å skapa vekst for havnæringane framover, samtidig som me tar vare på den viktige fiskerinæringa, treng me eit godt kunnskapsgrunnlag, seier Skjæran til NTB.

– Næringar som allereie brukar havet skal vera trygge på at dei ikkje skal bli fortrengt, understrekar statsråden.

AKTUELT NÅ