Hopp til innhold

Krev at fødetilbodet består

I eit ope brev til ordførarar og styret og leiinga i Helse Nordmøre og Romsdal, krev fagforeningane ved sjukehuset i Kristiansund at fødetilbudet i Kristiansund består som i dag. Styret i helseforetaket har bestemt at fødeavdelingane i Kristiansund og Molde skal slåast saman. I brevet skriv dei tillitsvalde at om avdelinga i Kristiansund forsvinn, kan det bli brukt som eit argument for å legge ned barneavdelinga, når behovet for barnelege er redusert. Dei skriv også at ei nedlegging no kan gi dårlegare fagmiljø når det nye sjukehuset på Hjelset opnar. Også fleire andre legar ved andre avdelingar ved sjukehuset har signert på brevet.

Fødeavdelinga i Kristiansund
Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL