Uvêr og snø skapte problem fleire stader

Det er sendt ut farevarsel for skred og mykje snø på Vestlandet. Fleire stader er det stengde vegar og trafikkaos.

Lang kø og snø på E136 ved Bjorli

Mange bilistar venta i fleire timar på at E136 skulle bli rydda ved Bjorli.

Foto: Egil Eide Ording / NRK

Vogntog som ligg i grøfta har ført til at det er det lang kø og fleire timars ventetid på E136 ved Bjorli på strekninga Dombås – Åndalsnes. NRKs reporter Egil Ording fortel at han har venta i over to timar i retning mot Åndalsnes.

Ifølgje Vegvesenet er årsaka at vegen er sperra ved Verma der det har vore ei ulukke og bilberging held på. Rundt klokka 01.00 var vegen brøyta og salta. Det førte til betre føre og dermed blei det opna for trafikk igjen i begge retningar.

I morgontimane fredag står igjen to vogntog fast litt aust for Verma, på same stad som i går. Det er snøver og slaps på staden, men personbilar kjem forbi.

Farevarsel

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for snø på Vestlandet. Enkelte stader kan det kome opp mot 60 cm.

På Sognefjellet er Fylkesveg 55 mellom Innlandet og Vestland stengd på grunn av uvêret. Også på Strynefjellet skaper snøen problem, der er det kolonnekøyring.

Laster Twitter-innhold

På E136 ved Verma i Romsdalen skapte snøen trafikkaos i mange timar torsdag kveld.

Kø ved Verma.

Fleire vogntog sette seg fast ved Verma i Romsdalen.

Foto: svein ove brøste

Brøytebilar står fast i køen

Like før klokka 23 opplyste operasjonsleiar, Borge Amdam, ved Møre og Romsdal politidistrikt at det framleis er kø på staden, og at brøytebilane står i køen.

– Bergar jobbar no med å få laus det siste vogntoget. Når det er vekke vil vegen bli brøyta, og etter kvart opna for normal trafikk, seier Amdam.

I køyrefeltet som går austover sette fleire vogntog seg fast. E136 er hovudvegen frå Møre og Romsdal mot Austlandet.

Svein Ove Brøste bur i nærleiken. Han sa til NRK at rundt klokka 19:30 er det store trafikkproblem på staden.

– Trafikken står heilt i ro på veg austover. Køen er opp mot ein kilometer lang, seier Brøste.

Klokka 20.00 melde Statens vegvesen at vegen var stengd for større køyretøy. Naudetatar og personbilar kan passere.

Klokka 21.45 opplyste politiet at det framleis var mykje kø på staden. Alle større bilar blei stoppa på god avstand. Operasjonsleiar Borge Amdam oppmodar folk om å halde seg i køen.

– Enkelte prøvar å snike og køyre forbi køen. Då blir det kaos når det kjem ein bil imot. Nokre bilistar har delvis ignorert trafikkvaktene. Det skaper farlege situasjonar, seier Amdam

Snø og kø i Romsdalen.

Det er lang kø og mange timar å vente i Romsdalen.

Foto: SVEIN OVE BRØSTE

Ventar mange skred

Det var meldt mykje nedbør på heile Nordvestlandet fram til fredag ettermiddag.

NVE har sendt ut oransje farevarsel for jord- og flaumskred. Det vil seie at ein ventar at det kan kome mange skred, og at store hendingar kan nå busetnad, ifølgje varsom.no

ORANSJ FAREVARSEL FOR SKRED.

NVE oppjusterer farevarselet for jord- og flaumskredfare i fleire kommunar i indre strøk av Møre og Romsdal, og sør i Trøndelag

Foto: SKJERMDUMP / VARSOM.NO

Ekstra ventetid på Haukelifjell

Også lenger sør er det blitt vinter i fjellet. Snø, frosne vegar og arbeid i tunnelar gjorde at kolonnekøyringa på Haukelifjell har tatt lenger tid enn vanleg.

Klokka 01 i natt var det rundt ein times ventetid på å få plass i kolonnen over Haukeli.

Styringsleiar Olav Stana på Haukelifjell opplyser at det ikkje er mogleg å kome seg over fjellet med sommardekk. Han anbefaler bilistar å ta med seg noko varmt på termos og ha varme klede i beredskap.

Følg vegmeldingane her: vegvesen.no