Køyrde i autovern

Ved Tresfjordbroa i Vestnes har ein bil med campingvogn køyrt bort i autovernet ved rundkøyringa på E-136. Det blei store materielle skadar, men er ikkje meldt om personskade. Uhellet skal ha skjedd rundt midnatt.