Køyrde i 138 kilometer i timen

UP har hatt fartskontroll i Freifjordtunnelen mellom Gjemnes og Kristiansund. Ein ung mann blir meldt og mistar førarkortet etter at han køyrde i 138 km/t i 80-sona. Totalt fekk 13 menneske forenkla førelegg.