Hopp til innhold

Trudde livsverket brann opp og trakka på gassen – der stod politiet

Då brannalarmen gjekk trakka både far og son på gasspedalen for å redde bedriftene sine. Dei får ikkje gehør for at dei handla i naudrett.

Nærbilde av asfaltert veg

Ein mann i 20-åra køyrde i 126 km/t i ei 60-sone i Møre og Romsdal, fordi han ville rekke fram for å berge familiebedrifta frå brann.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det blei ein kostbar søndagskveld for familien frå Møre og Romsdal då både far og son suste inn i ei 60-sone i rekordfart tidlegare i år.

Yngstemann køyrde i 126 km/t, meir enn det dobbelte av lovleg fart. Faren kom hakk i hel, i 99 km/t.

Det var dumt at eg køyrde så fort. Men kven hadde ikkje køyrd fort når huset deira stod i brann, seier mannen i 20-åra til NRK.

No er han dømd til fengsel i 14 dagar og har mist førarkortet i halvanna år.

Faren må betale 14 000 kroner og har mist førarkortet i seks månader.

Dei to mennene ønskjer ikkje å stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten til begge.

Frykta at store verdiar skulle gå tapt

Bakgrunnen for råkøyringa er som henta frå ein actionfilm. Ein roleg søndagskveld får sonen i huset ein telefon han absolutt ikkje ønskjer seg: alarmselskapet hans ringer. Dei fortel at brannalarmen har gått i bygget der mannen driv fleire bedrifter i lag med far sin.

Mannen ber alarmselskapet ringe brannvesenet medan han sjølv kastar seg i bilen saman med sambuaren. Han får varsla faren, som rykker ut i sin eigen bil.

Dei to bilistane køyrer i stor fart mot det dei trur er ein storbrann under oppsegling i bedrifta eit par mil unna. På eitt tidspunkt bestemmer sonen for å køyre forbi far sin.

Ifølgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett tolkar faren forbikøyringa slik at det verkeleg hastar. Og dermed trakkar også han hardare på gasspedalen.

Eg brukar jo ikkje å råkøyre. Så når han såg at eg køyrde forbi, skjønte han at no er det noko som er heidundrande gale, seier faren til NRK.

60 sone skilt

I denne 60-sona blei mannen stoppa. Han såg ikkje på speedometeret, og visste ikkje nøyaktig kor fort det gjekk før politiet sa det.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I det dei begge er litt over ein kilometer frå bygninga blir dei stoppa av politiet i trafikkontroll.

Les også «Espen» (18) trudde politiet berre skulle rykke forbi: – Det blir nok rart å kome i fengsel

Kranaveien ved Vågen i Kristiansund.

– Trudde det brann

Stoppet hos politiet blir kort. Politibetjentane forstår alvoret i situasjonen og begge råkøyrarane får halde fram den siste kilometeren fram til bygninga. Der viser det seg at det ikkje brenn.

– Retten har ikkje funne nokon grunn til å tvile på at dei tiltalte trudde at det brann i bygninga, står det i dommen.

Dette var første gong at brannalarmen hadde gått, og sonen har forklart at han ikkje hadde nokon grunn til å tru at det var snakk om ein falsk alarm.

Klart farta var veldig høg. Å køyre så fort i slike soner, det er ikkje greitt. Ein skal alltid vareta folk sine liv først, seier mannen i 20-åra.

– Ikkje nødrettsituasjon

I dommen står det at retten har vurdert om situasjonen far og son var i kan reknast som ein nødrettsituasjon, men fleirtalet har landa på at omstenda i saka ikkje er slik at det kan reagerast med mildare straff.

Det står at retten har ei viss forståing for at den tiltalte ønskte å komme raskt fram, men det blir lagt større vekt på at sonen har køyrt dobbelt så fort som fartsgrensa og at køyringa dermed var svært trafikkfarleg for både dei i bilen og omgivnadene rundt.

Dei viser òg til at verdiane i bygget var forsikra, sjølv om nokon kanskje ville vere vanskeleg å erstatte, og at familien derfor ikkje ville lide noko stort økonomisk tap.

Forsvararen til dei to opplyser til NRK at dei ikkje kjem til å anke saka.

Les også Mistet foten etter ulykken på elsparkesykkel: – Jeg skulle hatt forsikring

Mats Rake Iversen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL