Hopp til innhold

«Espen» (18) trudde politiet berre skulle rykke forbi: – Det blir nok rart å kome i fengsel

18-åringen mista førarkortet på staden då han suste inn i 40-sona i 94 km/t. Hittil i år er nesten 900 tenåringar melde til politiet for å ha køyrt alt for fort.

Kranaveien ved Vågen i Kristiansund.

Her på Kranaveien i Kristiansund blei ein 18-åring målt i 94 km/t i 40-sona i september. Det må han sone 18 dagar for.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

«Espen» skulle køyre kompisane til byen i Kristiansund ein fredagskveld i september. Kvelden enda aldri slik han hadde tenkt, for i 40-sona inn til byen hadde UP nettopp stilt seg opp. Laseren målte 94 km/t, langt over det dobbelte av fartsgrensa.

– Eg tenkte meg ikkje om, det såg ikkje veldig fort ut for meg.

Det seier den angrande sjåføren, som vi har valt å kalle Espen, til NRK.

Då «Espen» oppdaga politilysa bak seg, køyrde han inn til sida for å sleppe dei forbi. Han forstod rett og slett ikkje at det var han dei var ute etter.

18-åringen forklarar at han ikkje meinte å tøffe seg, men var nok litt for hard på gassen. Kameratane var like sjokkerte som han over å bli stoppa, hevdar mannen.

Den ferske sjåføren fekk ein dom på 18 dagar fengsel utan vilkår. Tilståinga i Møre og Romsdal tingrett var utan atterhald. Nordmøringen mistar også førarkortet i minst 18 månader og må ta førarprøva på nytt.

– Kva tenkjer du om å komme i fengsel når du berre er 18 år?

– Det blir nok ei ganske rar kjensle når eg kjem i fengselet. Det å vite at eg skal vere her inne i 18 dagar, seier han.

UP får sjeldan gode forklaringar

Sjåførar mellom 18 og 19 år toppar statistikken for grove fartsbrot, viser tal frå Utrykkingspolitiet (UP). Det meiner dei er urovekkjande.

– Vi tar ein del grep for å nå ut til dei unge. Vi har gått ut på Snapchat for å kunne kommunisere godt med dei, og få dei til å forstå risiko i trafikken betre, seier sjefen for UP Midt-Noreg, Anders Sjøtrø.

Anders Sjøtrø, iført politiuniform, lener seg over gelenderet på en bru over E6 i Trondheim. Biler passerer under.

Anders Sjøtrø er leiar for UP i Midt-Noreg.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Når patruljane stansar unge fartssyndarar, slit dei ofte med å svare på kvifor dei har køyrt så fort.

– Det er veldig sjeldan at vi får gode, rasjonelle forklaringar på det. Bilinteressert ungdom er nok kanskje overrepresentert i denne statistikken, også har vi dei som berre tenkjer seg for lite om og får ein impuls om å køyre fort, seier Sjøtrø.

Han legg til at det særleg er menn mellom 45 og 54 som blir tatt over fartsgrensa, men dei får oftast berre mildare bøter.

Fartsgleda trumfar frykta

Dagfinn Moe forskar på åtferd og nevrovitskap hos Sintef. Han peiker på mange får draumen oppfylt når dei får førarkortet i tidleg alder, men at dei framleis er umodne som menneske.

– Det betyr at å gjere spennande og farlege ting er veldig tiltrekkjande. Bremsemekanismane som seier at «dette bør du ikkje gjere» er der for så vidt, dei skjønnar at det er farleg, men fartsgleda er større enn fryktkjensla, seier Moe.

Dagfinn Moe

Dagfinn Moe er åtferdsforskar på Sintef og har jobba mykje å forstå korleis hjernen vår fungerer når den skal prestere under risikofylte aktivitetar.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Burde dei hatt førarkort så tidleg som 18 år?

– Førarkortet er viktig for mange. Ein kan ikkje fjerne biologien, men når det gjeld den fasen dei er i, går det an å jobbe for å gjere dei meir reflekterte, seier Moe.

Dyrebar lærepenge

Tilbake på Nordmøre har «Espen» god tid til å tenkje på kva som gjekk gale. Heldigvis for han så krev ikkje jobben han har no førarkort. Nytt førarkort kan han få tidlegast i 2023.

– Eg har lært at det er lurt å tenkje litt meir på kva du gjer. Det er lett å køyre for fort, det har heilt sikkert mange andre også gjort. Det er veldig lett å vere litt hard på gassen, seier han.

– Kor fort kjem du til å køyre i den 40-sona seinare?

– Det blir no etter fartsgrensa, det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL