Hopp til innhold

Køyrde 110 mil i natt for å hente sonen som ikkje rakk flyet

Foreldra orka ikkje tanken på ei påske utan den 19 år gamle sonen. Då han ikkje rakk flyet heim i går kveld, sette dei seg like godt i bilen. Det blei ein 110 mil lang køyretur i natt.

Lise Bjørg Alvestad Wiik og Terje Karlsen Wiik med sonen, Tommy i midten.

Endeleg heime i stova. Lise Bjørg Alvestad Wiik og Terje Karlsen Wiik med sonen Tommy (19) mellom seg etter ei lang natt.

Foto: privat

Terje Karlsen Wiik og kona Lise Bjørg Alvestad Wiik har brukt heile natt til laurdag i bilen. Først køyrde dei 55 mil frå Hareid på Sunnmøre til Gardermoen. Deretter rett tilbake. For då Tommy (19) ikkje kom med flyet frå Gardermoen, såg dei ingen anna løysing. Å feire påske utan alle tre gutane heime, var uaktuelt.

– Han kan ikkje sitje åleine på hybelen i Oslo, det går ikkje an, seier Lise Bjørg Alvestad Wiik.

– Saknet etter og kjærleiken til guten vår, gjorde at vi måtte reise, legg Terje Karlsen Wiik til.

Fleire fjellovergangar kan bli stengde på kort varsel. Les meir:

Køyrde mot Vigra, enda på Gardermoen

Lise Bjørg Alvestad Wiik og Terje Karlsen Wiik

Heile fredagskvelden og laurdagsnatta gjekk med på bilturen Sunnmøre-Gardermoen t/r.

Foto: privat

Foreldra sat i bilen på veg frå Hareid til flyplassen i Giske, ein times tid unna, då dei fekk beskjed om at guten ikkje var komen med flyet.

– Vi bestemte oss umiddelbart. Eg såg på kona mi og sa "vi køyrer", ho berre nikka, seier Terje Karlsen Wiik. Dermed blei det 55 mil sørover mot Gardermoen. Ein lynrask stopp, og så den like lange returen.

– Rein kjærleik, seier Tommy (19)

Tommy Wiik

Slik såg Tommy Wiik opp då foreldra dukka opp på Gardermoen for å hente han heim til Sunnmøre.

Foto: privat

For 19 år gamle Tommy rakk altså ikkje flyet. Etter å ha studert i Oslo frå hausten 2013, skulle han no heim igjen til Sunnmøre på påskeferie. Nokre for store tuber med krem resulterte i at han blei stoppa i tryggingskontrollen. Etter ein kort diskusjon kasta han kremane, men rakk ikkje flyet.

– Det er heilt fantastisk at dei kom og henta meg. Dei er fantastisk flotte foreldre, som støttar både meg og dei to brørne mine, i ein kvar situasjon. Dette er rein kjærleik, seier Tommy Wiik (19).

Inga skjennepreike

Og han får inga skjennepreike frå foreldra for at han var for seint ute, somla med å kle på seg eller pakke, eller ikkje hadde orientert seg godt nok på førehand. I staden fekk han ein gratis tur heim, saman med foreldra som hadde reist heile vegen til Oslo for å hente han.

– Det var vel verdt det, vi har fått Tommy heim igjen, det betyr mest, seier Terje Karlsen Wiik.

– Men kunne ikkje han tatt bussen?

– Nei, både bussar og fly var fulle, seier Karlsen Wiik. Ifølgje 19-åringen forsøkte han å få ny flytur med Norwegian, men fekk beskjed om at alle fly dei neste dagane er fulle.

Det er venta stor trafaikk på vegane i påska, vegvesenet oppfordrar folk til å sjekke påsketrafikken før dei legg ut.

Snart påskekos

Laurdag formiddag prøvar dei tre å sove litt ut etter den lange turen, men snart er det klart for påskekos. I natt blei det berre litt mat på bensinstasjonar undervegs.

– Eg er kjempetrøytt. No skal vi sove litt, så skal vi opp og lage taco og kose oss, seier Lise Bjørg Alvestad Wiik. Heime i stova har no endeleg Tommy (19) på påskeferie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL