Hopp til innhold

Økonom: – Trur ikkje renta blir heva i desember 

Prisveksten har falle kraftig dei siste månadene, blant anna på grunn av ein nedgang i matprisane. Økonomar trur det kan påverke den varsla rentehevinga i desember.

Illustrasjonsfoto matbutikk

Tala frå september viser eit fall i prisveksten. Prisutviklinga på straum og mat bidreg til at prisveksten har gått nedover.

Foto: Martin Gundersen / NRK

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at konsumprisindeksen (KPI) steig med 3,3 prosent frå september i fjor til september i år. Dette er likevel ein nedgang i prisveksten ein har sett tidlegare i år. I august var talet 4,8.

– Høg prisvekst har vore realiteten over lengre tid. No har vi derimot sett ein avtakande prisvekst dei siste månadene, seier seksjonsleiar i SSB, Espen Kristiansen.

Det er spesielt prisutviklinga på straum og mat som gjer at prisveksten har gått nedover i september, for tredje månad på rad.

Trur ikkje på renteheving i desember

21. september varsla Noregs Bank at styringsrenta auka igjen, til 4,25. Dette var femte gong at renta blei sett opp i år. For mange er konsekvensen at låna deira har blitt dyrare enn før.

Den moglege renteauken, som er varsla i desember, er med ytterlegare 0,25 prosentpoeng, slik at renta blir på 4,5.

Ola Grytten, økonomiprofessor ved NHH, seier dagens tal frå SSB er lågare enn dei fleste hadde trudd.

Ola Honningdal Grytten på NHH.

Ola Grytten, økonomiprofessor ved NHH seier dagens tal er gode nyheiter.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Det gjer renteauken i desember mindre sikker enn før. Uansett er det gode nyheiter for dei som slit med høge lånerenter. Tala kan tyde på at inflasjonen snur tidlegare, men vi må sjå tala for oktober og november før vi er heilt sikre, seier Grytten.

Han får støtte av Dane Cekov, økonom i Nordea Market.

Sjansen for at renta blir heva i desember er betydeleg redusert. Vi trur ikkje Noregs Bank hever den, seier Cekov til NRK.

Seniorøkonom, Oddmund Berg i DNB Markets, trur heller ikkje på ei renteheving i desember, men meiner ein må sjå på oktobertala også for å kunne seie noko sikkert.

– Dersom også dei viser ein nedgang, er det sterke argument for å vente og sjå an utviklinga. Vi har fleire månader bak oss med høg prisvekst, så kjøpekrafta er redusert, men dette er eit steg i rett retning.

Olav Chen i Storebrand meiner at ein truleg har lagt bak seg det ekstremt høge nivået. Likevel trur han det kan kome ei renteauke i desember.

Olav Chen

Olav Chen i Storebrand trur det er for tidleg å seie at det ikkje blir ei renteheving i desember.

Foto: Lise Eide Risanger

– Krona er framleis svak. Dermed kan vi framleis få ein etterslepseffekt av importert inflasjon. Mykje av nedgangen i KPI skuldast nedgangen i matprisar og lågare energiprisar. Internasjonalt er oljeprisen på veg opp att.

Prisveksten skaut særleg fart då Ukraina-krigen braut ut, men no er prisveksten på det lågaste nivået sidan januar 2022, ifølge SSB. Målet til Noregs Bank er å sette opp renta for å presse ned den årlege prisveksten til rundt to prosent.

Kjerneinflasjonen er framleis høg. Det er også venta at lønsveksten skal halde seg høg. Når bedriftene må gje ein lønsvekst på rundt fem prosent neste år, blir det vanskeleg å sjå for seg at inflasjonen kjem stabilt ned på to prosent, seier Chen.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Les også Styringsrenta går opp igjen: Dette betyr det for Alexander (19) og vennane hans

Alexander Ona-Buen på biltreff på Skoltegrunnskaien

Føler meir med

I Molde seier fleire kundar som NRK snakkar med at dei følger meir med på prisane på butikken no enn før.

– Eg merker det på kassalappen når eg er ferdig. Generelt over heile linja har ting blitt dyrare, så eg følger meir med på prisane, seier Asta Aas Molt.

Vidar Kjølseth synest dagens nyheit om eit fall i prisveksten er positivt.

– Eg er absolutt meir bevisst på kva eg handlar. Eg har sett ei utvikling frå tidlegare, dei fleste matvarer er dyrare no. Så eg håper det snur og går i rett retning.

Kjølseth seier at det vil ha ei betydning for han om det ikkje blir ei ny renteheving i desember.

– Absolutt. Eg har sett at lånet har gått opp det siste året.

Vidar Kjølseth på butikken i Molde.

Vidar Kjølseth håper det blir lågare priser for matvarer framover.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Nedgang i matvareprisar

Frå august til september gjekk matvareprisane ned 1,5 prosent. Det er vanleg at desse går ned på hausten.

Prisane på kjøtt fall 3,1 prosent sist månad, medan fisk og sjømat gjekk ned 9,1 prosent.

– Det er ikkje uvanleg at prisen på fisk går ned i september, men eit så kraftig prisfall frå ein månad til ein anna er ikkje målt i KPI før. Priskampanjar på fiskeprodukt blir nok reflektert i prisnedgangen, seier Espen Kristiansen i SSB.

Hyller i en dagligvarebutikk

Frå august til september gjekk matvareprisane ned 1,5 prosent.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Trass i at prisane går ned var matprisane framleis høgare i september i år enn dei var for eitt år sidan. Ifølge SSB er høgare matvareprisar framleis den viktigaste bidragsytaren til den samla prisveksten dei siste tolv månadene.

Dersom KPI blir justert for avgiftsendringar og utan energivarer, det ein kallar KPI-JAE eller kjerneinflasjonen, steig det med 5,7 prosent frå september 2022 til september 2023. Derfor er det framleis ein høg prisvekst, sjølv om den er lågare enn tidlegare i år, ifølge SSB.

Matvareprisar og husleige er komponentar som bidreg til at veksten framleis held seg høg, står det i rapporten for september.

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %

Les også Tusenlappene kommer til å fly

Norges Bank rentebeslutning