– Eg såg desse bilane her for første gong i Fast and Furious-filmane, då Paul Walker som no er død køyrde rundt i desse her.
Alexander Ona-Buen (19) fortel NRK om barndomsdraumen frå førarsetet til sin Nissan GT-R, på veg frå Lagunen til Bergen sentrum.
Bilen er ein kanarigul 2010-modell, som gjekk for kring 600.000 med øydelagd girkasse. Ein vanleg kveldstur i denne kostar gjerne ein tusenlapp, seier han.
Her køyrer Ona-Buen i sin Nissan GT-R. Bilsalet i Noreg er no på veg ned, ifølge registrerings-registeret til Opplysningsrådet for vegtrafikken.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKNoregs Bank varslar i dag at styringsrenta aukar igjen, denne gongen til 4,25. For Ona-Buen og andre bileigarar, er konsekvensen at lånet blir dyrare enn før.
– Raske og uventa prisaukar råkar særleg dei med låge inntekter og minst å gå på. Det er vår jobb å få inflasjonen ned, seier Visesentralbanksjef Pål Longva.
Dette gjeld altså ikkje Ona-Buen og vennane hans, men dei som allereie slit med å få endane til å møtest.
Den moglege renteauken som er varsla i desember er med ytterlegare 0,25 prosentpoeng, til 4,5.
– Truleg vil det vere behov for å halde renta oppe ei god stund framover, seier Longva vidare. Han ventar at renta kjem til å ligge på 4,5 «gjennom neste år».
Kjem til å køyre mindre
– Eg kjem ikkje til å få lyst til å ta bilen heile tida, slik som eg ein gong ville gjort, seier Ona-Buen.
Auken gjer det dyrare for dei fleste som har lån. Det er fordi styringsrenta som regel påverkar kor mykje bankane skal ha for å låne pengar til vanlege folk.






Fleire i vennegjengen til Ona-buen har allereie selt sine dyre bilar og kjøpt billigare modellar, fordi rentene på bustadlåna har gått opp den siste tida.
Men ikkje alle i miljøet har gjort det same.
– Nokre har så dyre bilar at dei ikkje har råd til å køyre dei.
Visesentralbanksjef Longva seier prisane no er lågare, men framleis «langt over målet» til Noregs Bank, som er på 2 prosent.
– Vi har heva renta mykje på kort tid, og vi er no utruleg nærme det nivået som er nødvendig for å få prisveksten ned til målet.
Noregs Bank prøvar å kjøle ned prisveksten, seier visesentralbanksjefen.
Foto: Emilie Holtet / NTBFleire bilar blir tvangsselde
Det finst inga offentleg oversikt over kor mange som har høge billån i Noreg. Men ein peikepinn er talet på bilar som har blitt tvangsselde.
Dette auka med 130 prosent i første halvdel av 2023, samanlikna med same periode i fjor. Altså er det stadig fleire som ikkje klarar å betale ned lånet dei har teke ut.
Lillian Borge Bersaas er Namsfogden i Bergen.
Foto: Tony Ågotnes / NRKNamsfogden i Bergen, Lillian Borge Bersaas, har merka seg at talet på tvangssal aukar markant, spesielt blant unge menn.
– Mange har eit veldig nært forhold til bilen sin. Spesielt dei som har kjøpt desse dyre bilane. Det er eit statussymbol for mange. Det er ein måte å vise seg i sitt miljø, seier ho til NRK.
– Så er det mange som har spart pengar for å kjøpe dei, og endeleg har klart det og fått det lånet. Så blir dei plutseleg tekne bort igjen.
Styringsrenta i prosent
Styringsrenta settes åtte ganger i året av Norges Bank. Styringsrenta styrer rentene i bankene, og påvirker dine boligutgifter. Målet med å sette opp renta er at de høye prisene skal gå ned igjen.
Prognosen forteller oss hvordan Norges bank tror renta vil utvikle seg fremover.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
– Ei pengepolitisk kuvending
Noregs Eigedomsmeklarforbund (NEF) er «uroa» for renteutviklinga, skriv administrerande direktør Carl O. Geving i ein e-post til NRK.
– I fjor haust blei det gjort ei pengepolitisk kuvending av dei sjeldne då sentralbanken innsåg at styringsrenta var blitt halde lav for lenge. Sidan er renta sett opp med rekordfart.
– Denne politikken er i ferd med å få langt større skadeverknader for bustadinvesteringane enn ein såg føre seg.
Geving seier dei er særskilt uroa for bustadinvesteringane, som «ikkje har falt så mykje sidan 90-talet».
Carl O. Geving er administrerande direktør i Noregs Eigedomsmeklarforbund.
Foto: Tommy Strømmen / Norges Eiendomsmeglerforbund– Dette vil få gradvis meir negative verknader for bustadindustrien etter kvart som kapasitet og kompetanse blir svekka, og råkar den framtidige bustadforsyninga til eit folk i vekst.
Direktør for avdeling for pengepolitikk i Noregs Bank, Ole Christian Bech-Moen, seier dei ventar eit oppsving på sikt.
– Bustadinvesteringane trur vi vil falle noko meir enn det vi hadde i førre rapport for så å kome tilbake igjen litt lengre fram i tid.
Varslar bustadlånsrenter på opptil 6,5 prosent
Carsten Henrik Pihl er forbruker- og kommunikasjonssjef i organisasjonen Huseierne. Han seier dei hadde venta denne rentehevinga, men at den ikkje var «kjærkomen».
– Norske hushald har i heile år opplevd ein jamn og sterk kostnadsauke gjennom auka renter, kraftig aukande kommunale avgifter, ein høg straumpris og høge prisar generelt.
– Med denne rentehevinga vil bustadlånsrenta gå over 6 prosent for dei fleste kundar. Nokre vil oppleve bustadlånsrenter på 6,5 prosent.
Det kan vere mogleg å forhandle seg til ei lågare rente med banken, seier Carsten Henrik Pihl i Huseierne.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixDenne auken vil ein truleg ikkje merke før i november, legger han til, fordi bankane har seks vekers varslingsfrist frå dei vel å setje opp renta.
Dei anbefaler alle som har bustadlån vurderer å bytte bank eller «prute ned renta» eit halvt prosentpoeng. Då kan ein spare to rentehopp, meiner Pihl.
– Men dei beste bustadlånsrentene vil framleis ligge i overkant av 5 prosent.
Rentekalkulator
Kalkulatoren bruker formel for annuitetslån for å beregne dine månedlige kostnader. Her brukes nominell rente. Det vil si at det vil komme ett transaksjonsgebyr i tillegg som vil variere fra bank til bank. Dagens rente er hentet fra DNBs boliglånsrente for unge, og ulike banker vil ha ulik rente. Tallene som oppgis her vil derfor bli omtrentlige for deg. Månedlige utgifter er renter og avdrag samlet.
Se hvor mye du må betale hvis renta øker.
- Månedlige utgifter
- 18 783 kr
- Økte renteutgifter
- 1 175 kr
Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 1 175 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,04%