Hopp til innhold

Kongen kjem til Vatne

Kong Harald besøkjer Vatne barneskule i Haram 7. mai.

 

Kong Harald
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det er fjerdeklassen som har invitert kongen i samband med det pedagogiske opplegget "Steg for steg", som han nemnde i nyttårstalen sin.

- Dette er stas, seier ordførar Oddbjørn Vatne. - Det er slik kongen vår er, innbydinga treng ikkje komme frå høgste hald! Vi er glade for at kongen kastar glans over det arbeidet elevane våre gjer, seier han.