Hopp til innhold

Kongeleg besøk i Sunnmørsfjordar

Kongeskipet Norge tok turen inn Ellingsøyfjorden frå Ålesund tysdag kveld.

Kongeskipet i Stettevika innst i Ellingsøyfjorden.
Foto: Jostein Opskar

I 13.30-tida tysdag ettermiddag la kongeskipet Norge til ved Skansekaia i Ålesund. Der vart skipet liggande eit par timar, før det igjen kasta loss og sette kursen mot Ellingsøyfjorden, for eit lite cruise.

Ferie

Det er dronning Sonja som brukar kongeskipet som utgangspunkt for ein ferie langs norskekysten. Tidlegare i veka var skipet mellom anna innom Smøla.

Slottet vil ikkje opplyse kva reiseplanane er vidare, skriv Sunnmørsposten . Årsaka er at når nokon i kongefamilien er på ferie er det ei uoffisiell reise.

Geiranger

Dronninga har fleire gongar tidlegare også besøkt Sunnmøre. Mellom anna har ho fleire gongar vore på fjellgardane i Geirangerfjorden og på fjellet Slogen (1564) opp for Øye i Hjørundfjorden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL