Hopp til innhold

Matpausestrid endar i retten

Kontortilsette i den nye storkommunen Ålesund nektar å ta telefonen når dei har lunsj. Grunnen er at kommunen sluttar å betale matpausen. I juni blir det rettssak.

Kommunetilsette i Ålesund et lunsj

Ingeniørane Sissel Fuglstad og Steven Bendal i Ålesund kommune likar ikkje vedtaket om at matpausen no er ubetalt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Folk er sinte. Vi fekk ingen varsel på førehand. Det kom ut av det blå, seier Steven Bendal.

Han er ingeniør ved Ålesund kommune si avdeling for veg, grønt og anlegg.

Før Ålesund slo seg saman med fire andre kommunar, hadde Bendal og mange andre kommunetilsette betalt 15 minutt av pausen. Etter samanslåinga blei avtalane oppheva.

Når ingeniøren no sit i kantina og et lasagne saman med arbeidskollegaene er matpausen ubetalt. I tillegg har arbeidsdagen blitt forlenga med eit kvarter ekstra.

– No let folk vere å ta telefonen i lunsjen og folk går frå møte. Denne halvtimen er vår eiga fritid. Før var vi fleksible og tok telefonar og forkorta lunsjen når det trongst, seier Bendal.

Hovudregelen er ubetalt pause

Tor Arne Gangsø

Tor Arne Gangsø i KS seier at hovedregelen for kommunetilsette er 37,5 timars arbeidsveke, utan betalt matpause.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fleire andre samanslåtte kommunar har gjort det same som Ålesund og fjerna betalt matpause, skriv Fagbladet.

KS, kommunane sin arbeidsgivarorganisasjon, meiner at sidan samanslåtte kommunar er ei ny juridisk eining, skal ikkje tidlegare avtalar om betalt lunsj gjelde.

– Opp gjennom åra har det vore stor misnøye med at nokre kommunetilsette, særleg dei på rådhuset, har hatt betalt spisepause, medan til dømes sjukepleiarar og lærarar ikkje har hatt det, seier Tor Arne Gangsø, områdedirektør i KS.

Han seier at ingen er tent med at det er ulike arbeidstids- og lønsvilkår på same arbeidsplass. Hovudregelen er at lunsjpause tilhøyrer fritida og dermed ikkje skal vere betalt.

Rådmann i Ålesund, Astrid Eidsvik, har forståing for at dei tilsette reagerer.

– KS seier at vi ikkje har anledning til å vidareføre desse særavtalane, seier Eidsvik.

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik er rådmann i Ålesund kommune. Ho seier at kommunen rettar seg etter råda frå KS om arbeidstider.

Foto: Terje Reite / NRK

Sluttar å vere fleksible

Tillitsvalde meiner at lunsj-konflikten no fører til at tilsette blir meir rigide.

– Folk blir irriterte og sinte. Det gjer at tilsette ikkje vil vere så fleksible som før, seier Frode Nordstrand. Han er hovudtillitsvald i Fagforbundet i kommunen.

Eit døme kan vere tilsette i teknisk etat som er ute og jobbar på ein kommunal bustad. Sidan pausen ikkje er betalt, avsluttar dei arbeidet og returnerer til basen. Etter pause drar dei tilbake til bustaden for å fullføre arbeidet.

– Det er slett ikkje hensiktsmessig for arbeidsgivar, seier Nordstrand.

Frode Nordstrand (Fagforbundet) og Hanne Tonning (Delta)

Frode Nordstrand i Fagforbundet og Hanne Tonning i Delta har mange frustrerte medlemmar som har mista den betalte matpausen si.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Urettferdig

Hanne Tonning, som er hovudtillitsvald i Delta i Ålesund kommune, seier at dei tilsette synest det er urettferdig at dei blir fråtekne eit gode på grunn av kommunesamanslåinga.

– Vi trudde alle skulle få betalt matpause då kommunane slo seg saman, seier Tonning.

Ho meiner at det kan høyrest uproblematisk ut å få forlenga arbeidsdagen med 15 minutt, men at det får store konsekvensar for mange, som skal hente barn på SFO eller barnehage.

I juni går Fagforbundet og Delta i Ålesund, Heim og Orkland kommune til Arbeidsretten og saksøker KS for å få betalt matpause for kontortilsette.