Sjølvkritikk
Med store underskot og utan rådmann står no politikarane overfor ein svært vanskeleg situasjon, seier Ap sin gruppeleiar, Arne Danielsen.
Fleire av bystyrerepresentantane tok i går sjølvkritikk, og meinte at politikarane bør ta sin del av ansvaret for det økonomiske uføret i kommunen.
Årsaken til situasjonen er eit overskridingar på 70 millionar kroner i fjor.
Knut Sjåstad trekte seg
Sjokk
I går trekte rådmann Knut Sjåstad seg frå stillinga, etter sterkt politisk press og i lys av kritikken frå kommunerevisjonen i samband med underskotet. Sjåstad er mannen som har trukke i trådane i samband med den omfattande omstillingsprosessen som kommunen er inne i.
Tillitsvalde for dei tilsette i kommunensa i går at dei var sjokkerte over meldinga om rådmannen sin avgang. -Skuta er nå uten skipper, og det er en svært lei situasjon. Det råder kaos og fortvilelse blant de ansatte, sa hovudtillitsvald Gro Helen Perjord.
Hastar
Når det gjeld budsjettarbeidet står politikarane foran eit svært vanskeleg arbeid. Budsjettet for i år var allereie klart då bomba om at underskotet ville bli langt større slo ned. No må dei legge opp eit nytt budsjett og er allereie langt på overtid.
Frå før har politikarane måtte kutta til beinet, no synes det som om det ikkje er nokon veg utanom oppseiingar. Det uroar dei tilsette.
Arve Tonning, ordførar i Ålesund (H)
Allereie fredag vil eit utval i kommunen setje seg ned for å stake ut kursen framover. Det som hastar mest, er å få leiarkabalen på plass og særleg hastar det med å tilsette ein ny rådmann. Bystyret i Ålesun vedtok i går å mellombels overførs rådmannen sine fullmakter til ordførar Arve Tonning.
Det nye budsjettet for 2003 blir truleg ikkje handsama i bystyret før tidlegast i mai.