Hopp til innhold

Kommunen må betale underskotet

Stranda kommune har satsa stort på skisenter på Strandafjellet. No må kommunen dekke eit underskot på over 10 millionar kroner.

Strandafjellet

Det går føre seg ei storstilt utbygging på Strandafjellet. Underskotet som må dekkast er på 10 millionar kroner.

Foto: Terje Reite / NRK

Det har vore ei offensiv utbygging på Strandafjellet, med stolheis, gondolar og paviljong på fjellet. Utbygginga har vore gjennomført gjennom eit kommunalt føretak, og eit eige aksjeselskap står for drifta.

No kjem rekninga, og i 2010 og i 2011 har underskotet kome opp i over ti millionar kroner.

Bruken av kommunale midlar til skiutbygging blei ei omstridd sak i kommunevalkampen. Resultatet av valet blei at den dåverande konstellasjonen med Framstegspartiet og Frank Sve i spissen måtte gje frå seg makta. I går var det eit møte, der underskotet på Strandafjellet blei behandla.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad er ordførar i Stranda kommune.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Når underskotet ikkje blir dekt inn over drifta, må dette dekkjast av kommunen over det ordinære budsjettet. Der er regelverket tindrande klart, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

– Kva betyr dette for kommunen no?

– På kort sikt betyr ikkje dette noko. Vi har lagt til grunn eit budsjett der desse tala ikkje er lagde inn, rett og slett fordi vi meiner at tiltak kan betre resultatet. Det vil føre til nokre følgjer, men ikkje noko dramatisk på kort sikt, seier Tryggestad.

Likevel blir det nedskjeringar for Stranda kommune. Og dette kjem til å merkast i fleire sektorar.

Vi må stramme inn litt over heile fjøla, både innanfor skule og helse. Vi dreg ned driftsbudsjetta på alle einingane med om lag 10 prosent, seier Tryggestad.