Hopp til innhold

Frank Sve mista ordførarvervet

Berre eit mirakel kan sikre Frank Sve (Frp) ordførarjobben for nye fire år. Æraen med Frank Sve som ordførar i Stranda er truleg over.

Frank Sve

Alt tyder på at Frank Sve (FrP)må rydde ordførarkontoret og overlate klubba til Jan Ove Tryggestad (Sp)

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Framstegspartiet miste 4 representantar frå kommunestyret. Jan Ove Tryggestad, Sp, har bana seg veg til ordførarkontoret i Stranda.

Når nesten alle stemmene er talde opp i Stranda, har Arbeidarpartiet auka gruppa si med ein representant. Senterpartiet aukar med fire. Høgre aukar med ein. SV, som har vore ein del av opposisjonen i Stranda, er ute av kommunestyret. Men Venstre har signalisert at dei vil ut av famnen til Framstegspartiet, og ønskjer eit regimeskifte.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad (Sp) utropar seg sjølv som ny ordførar i Stranda.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Senterpartiet har gjort eit formidabelt val. Eg kan ikkje hugse at vi har vore oppe på liknande tal i nyare tid. No tek vi ordførarvervet i Stranda. Vi går inn i ein konstellasjon saman med dei som har vore i opposisjon dei siste fire åra, seier Jan Ove Tryggestad (Sp).

– Leiarstilen førte til slitasje

Stranda kommune har vore ein av dei store bastionane for Framstegspartiet dei siste åra, med den karismatiske Frank Sve som frontfigur. Søkjelyset har vore sett på Stranda kommune, etter at store investeringar i skianlegg og djupvasskaier har ført Stranda på gjeldstoppen blant norske kommunar.

– Vi har hatt åtte år med Frank Sve. Leiarstilen hans har stadig ført til at vi er blitt sett i søkjeljoset frå media. Rett nok har mykje skjedd i desse åtte åra, og Senterpartiet har også vore med på fleire av dei store investeringspakkane. Men leiarstilen og slitasjen det har ført med seg fører no til at folk har vendt tommelen ned for Frank Sve, seier Tryggestad.

– Sve innser tapet

Natt til tysdag måtte Frank Sve innsjå at han må rydde ordførarkontoret. Nesten alle stemmene i Stranda var telt opp, og tala viser at han kom i mindretal.

– Vi vinn valet, men vi tapar likevel. Opposisjonen har eit fleirtal. Det er slik demokratiet fungerer, seier Frank Sve.

Kva tenkjer du om det som har skjedd i Stranda?

– Dette vart eit ordførarval der vi to kandidatane blei sett opp mot kvarandre. Innbyggjarane avgjer, og dei har gjeve opposisjonen eit fleirtal. Det må vi berre ta til etterretning, seier Sve.

– Kva gjer du no?

– Eg har sagt heile tida at eg vil prioritere fylket om denne situasjonen skulle oppstå. Arbeidet i fylket kjem til å bli omfattande, enten vi kjem i posisjon eller i opposisjon, seier Sve.

– Tryggestad seier at leiarstilen din kan vere noko av årsaka til at du tapte...

– Han har ikkje snakka med veljarane om dette. Det er veljarane som vel og det må vi forhalde oss til, seier Sve.

– Var det investeringane i alpinanlegg på Strandafjellet som førte til slutten på din karriere som ordførar i Stranda?

– Det skal bli interessant å sjå opposisjonen med Tryggestad i spissen som skal drive Stranda kommune i fire år. Dei skal klare å skape økonomi ut av det som dei er så veldig i mot. Det skal bli interessant å sjå. Eg trur det blir ei krevjande tid. Men dette må dei no gjere, og innbyggjarane har vald dei til å gjere dette, seier Sve.

Er du ein skuffa og slagen mann i natt?

Eg er skuffa, men ikkje slagen. Det er slik at ein må tole å både vinne og å tape i politikken. Vi vann valet, men vi tapte posisjonane, seier Sve.

– Sterkt FrP i opposisjon

Senterpartiet og samarbeidspartnarane blir no sitjande i posisjon og skal ta ansvaret for stor gjeld. Kontrollutvalet i Stranda har også påvist eit omfattande omstillingsbehov i drifta i kommunen. Spørsmålet no vil vere om dei som no skal sitje med makta vil legge all skuld for vanskeleg økonomi over på forgjengarane.

Nei, no skal vi gjere Stranda kommune til ein endå betre kommune å bu i. Det betyr at vi tek ansvar for å få på plass ein struktur som gjer at vi har ein kommuneøkonomi som er i tilnerma balanse. Min leiarstil overfor opposisjonen kjem til å vere ein langt annan enn det vi har fått oppleve dei siste åra, seier Tryggestad.

– Men de får framleis eit sterkt FrP, som no skal drive opposisjonspolitikk ...

– Ja, det er det ikkje tvil om. Men samstundes sit dei med eit stort ansvar sjølve. Dei har hatt åtte år med ein knalltøff investeringspolitikk, og dei kan ikkje fråskrive seg det ansvaret sjølv om dei no blir sitjande i opposisjon, seier Tryggestad.

– Vil fullføre på Strandafjellet

Ei av utfordringane til dei som no skal styre Stranda kommune, er å syte for ei god økonomistyring. Mykje tyder på at ein berre må ta følgjene av investeringsvedtaka både på Strandafjellet og djupvasskaiene. Noko anna ville skape større økonomiske vanskar.

– Vi må fullføre satsinga på Strandafjellet. Vi må få full utteljing for dei investerte kronene vi har lagt att der. Men elles blir det no fire år utan dei store prestisjeprosjekta. Vi skal renovere to skular. Det vil påføre oss ytterlegare millionar i lånegjeld. Men ut over dette vil vi no syte for ei konsolidering og få på plass strukturar mellom administrasjonen og den politiske leiinga som gjer at vi kan gå framover i samla tropp, seier Tryggestad.

– Blir det reduksjonar i tenestetilbodet for å få på plass att økonomien?

– Vi kan ikkje utelukke nokon ting. No må vi først setje oss ned saman med administrasjonen for å sjå korleis vi skal handtere ein krevjande økonomisk situasjon. I det biletet må vi vurdere alle moglege tiltak. Vi har ein ambisjon om å prioritere dei lovpålagde tenestene, seier Tryggestad.

– Startar forhandlingar

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre har tydeleg sagt frå at dei ikkje vil vere støtteparti for Framstegspartiet. Om Framstegspartiet får med seg Høgre har dei 11 representantar til saman. Dei andre partia har 14 representantar i kommunestyret.

– No skal vi ha drøftingar med listetoppane i dei forskjellige partia, bortsett frå Framstegspartiet. Vi har ikkje lagt nokon kabal for eit samarbeid. Men vi har hatt samtalar før valet, der vi vart samde om å drøfte moglege konstellasjonar når vi såg resultata til dei ulike partia, seier Tryggestad.

Blir heile opposisjonen EI blokk, med både Arbeidarpartiet og dei borgarlege partia?

– Eg kjem til å gå breitt ut. Det er ein litt spesiell situasjon i og med at SV ramla ut av kommunestyret. Dei var ein del av opposisjonen. Men Venstre, som støtta Frp, har vald å kome over til oss. Det einaste som er sikkert er at Frp vil stå for sin eigen kandidat. Eg reknar ikkje med at dei er interesserte i noko samarbeid, seier Tryggestad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL