Hopp til innhold

Kollega-bading midt på vinteren

I Kystverket i Ålesund, har dei tilsette starta opp att ein gamal tradisjon. Kvar tysdag kastar dei tilsette seg ut på djupt vatn.

Kystverket-kollegaer rett før eit vinterbad på Nørve i Ålesund
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det er vinter og det er høgtrykk. Og sjølv om sola skin ligg temperaturen på frysepunktet. Og likevel, eller kanskje nettopp difor er aktiviteten både populær og hærleg.

– Det var ein gjeng her for nokre år sidan som bada bortimot kvar morgon dei kom på jobb. Men den tradisjonen døde ut. Etter ei tid vart det tradisjon med julebad siste arbeidsdag før jul. Men det vart det også slutt på, fortel Torill Hestholm Myklebust.

Sjølv om det er februar, badar og grillar dei tilsette ved Kystverket i Ålesund.

Men no har dei henta opp att tradisjonen og badar kvar tysdag.

– Vi byrja førre tysdag. Då var vi to stykke. Men i dag er vi fire. Så til sommaren er vi sikkert fleire, seier ho.

Torill Hestholm Myklebust

Torill Hestholm Myklebust er ein av dei ivrige badarane på Kystverket i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ruben Iversen forklarar at det er ein klar samanheng mellom arbeidsoppgåvene til Kystverket og det dei tilsette her driv med i pausen sin.

– Det er vi som er Kystverket, så vi er nøydde til å vise kva kysten kan brukast, til seier han lurt. Han fortel at dei internt på arbeidsplassen poengterer kven som er i den feige gjengen og kven som er dei tøffe.

Etter badinga ventar varm drikke og nygrilla pølser.

– Det var litt kaldare i dag enn for ei veke sidan, både i sjøen og i lufta, seier Iversen. Men vi overlever, legg han til.

Ruben Iversen

Ruben Iversen seier at det er litt konkurranse på arbeidsplassen om å vere blant tøffingane som badar også vinterstid.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL