Hopp til innhold

Køkaos på Vestnes

- Når tusenvis skal frå Vestnes til Molde blir det lett kaos, seier operasjonsleiar Audun Vartdal i Sunnmøre politidistrikt.

Køkaos på Vestnes

KAOS: Politiet har hatt folk på Furneset heile dagen fredag for å handtere den store pågangen av folk og bilar som vil til Molde.

Foto: Aina Rødal / NRK

Mange set att bilen på ferjekaia på Furneset i Vestnes, medan andre skal ha med bilen over til Rosenes by. Slikt blir det lett kaos av.

- Utfordringa er at det er så mykje folk og så mange bilar, seier Vartdal.

- Furneset er ikkje bygd for dette, legg han til.

For jazzfestivalen i Molde trekk mykje folk, og fredag kveld skal veteranen Leonard Cohen på scena på Romsdalsmuseet. Det gjer at endå fleire vil over Romsdalsfjorden.

- Me vil organisere dette best mogleg, for at det ikkje skal bli det totale kaos, seier operasjonsleiaren.

Vil unngå "det totale kaos"

Politiet har heile fredag hatt ein patrulje på plass på ferjekaia for å halde orden på dei tusenvis av reisande som vil til Molde. Likevel har det vore tilløp til det Vartdal omtalar som "det totale kaos".

- Det totale kaos får me i det bilane ikkje kjem seg av ferja og vekk frå ferjekaia, seier han.

Dette har ein tydelegvis vore nær, når folk prøver å køyre forbi ferjekøen for å få parkere så nær ferjekaia som mogleg.

- Me stoppar no folk frå å køyre til kaia. Det er så mykje bilar parkert at folk no må gå frå Vestnes sentrum til Furneset, seier Vartdal. Dette er ein avstand på opp mot tre kilometer.

Les også:

Full parkeringsplass

Parkeringsplassen ved ferjekaia er fredag ettermiddag fylt opp til siste plass, og politiet melder om at enkelte let seg irritere av situasjonen.

- Eg ser ikkje vekk frå at enkelte er litt heite i toppen, men me prøver å få dei til å rette fokus mot grunnen til at dei er der, seier Vartdal.

I tillegg til at ferjekøen er lang og kapasiteten sprengt, melder Tide Sjø fredag ettermiddag om at hurtigbåten i Romsdalsruta (Molde - Helland - Vikebukt, Helland-Sekken Molde) går med redusert kapasitet etter at MS Tiderose måtte innstille 16.30-turen grunna tekniske problem.

MS Nordic Sky vert sett inn i ruta, men med mindre kapasitet enn Tiderose har. Før klokka 20 fredag kveld har Tiderose ordna opp i dei tekniske problema, og er sett tilbake i ruta.

Han ser ikkje berre negative sider ved det kaoset som utspelar seg ved ferjesambandet.

-Det må gjerne vere slik at folk kosar seg og vil til Molde, men det er ikkje berre ein eller to som har tenkt den tanken, men fleire tusen. Når folk kan heve seg litt over kaoset går det bra, trur operasjonsleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL