Hopp til innhold

Politiet får milliongebyr etter ulovlege innkjøp

Åtte av landets politidistrikt får no store gebyr for å ha handla ulovleg. Granskarane slår fast at politiet har handla grovt aktlaust.

Politistasjonen på Grålum

Åtte av landets politidistrikt får no gebyr for å ha kjøpt tolketenester ulovleg.

Foto: Vilde Elgaaen

Åtte av landets politidistrikt må no punge ut fordi dei ikkje har følgt lova.

Norsk politi brukar dagleg tolkar som kan hjelpe dei å forstå framandspråklege. Årleg kjøper dei tolke-tenester for rundt 50 millionar kroner.

No får dei gebyr fordi dei ikkje har følgt reglane for offentlege innkjøp frå juni 2018 til 2020.

Øst politidistrikt åleine får eit gebyr på nesten 2,3 millionar kroner.

Her er heile lista:

  • Øst politidistrikt: 2 285 000 kroner
  • Oslo politidistrikt: 1 702 000
  • Vest politidistrikt: 1 354 000 kroner
  • Sør-Vest politidistrikt: 1 024 000 kroner
  • Sør-Øst politidistrikt: 978 000
  • Agder politidistrikt: 449 000 kroner
  • Nordland politidistrikt: 265 000 kroner
  • Finnmark politidistrikt: 169 000 kroner

Tidlegare har Møre og Romsdal polidistrikt og Trøndelag politidistrikt fått gebyr på vel to millionar kroner.

Dermed er Troms og Innlandet er dei einaste politidistrikta som ikkje står på lista.

Ulovlege direkte kjøpt er i strid med kravet i regelverket til kunngjering, som er grunngitt ut frå omsynet til likebehandling og konkurranse. Det blir rekna som det mest alvorlege brotet, skriv seksjonssjef Line Rakner i Klagenemndssekretariatet.

Politiet er usamde

Kritikken frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser (Kofa) handlar om at politiet ikkje har sikra at dei som ønskjer det, kan be om å få jobben med å tolke. Slike oppdrag skal kunngjerast offentleg.

Avdelingsdirektør Marianne Haahjem i Politiets fellestjenester skriv i ein epost at «Politiet tar KOFAs vurderinger i denne saken til etterretning».

Haahjem har tidlegare argumentert overfor Kofa med at politiet ofte har «tidskritisk behov for tolk». Politiet argumenterte også med at kvart enkelt oppdrag må vurderast individuelt, og ikkje samla.

– Vi har hatt ei vurdering som er annleis enn Kofa, men vi må ta til etterretning at dei meiner vår vurdering er feil, har Haahjem tidlegare sagt til NRK.

Også domstolen har slått fast at politiet har tolka regelverket feil. Spørsmålet i retten var om tolketenester gjennom året skulle sjåast som eitt kjøp, eller om kvar bestillt var eitt separat kjøpt. Konklusjonen blei det første, og dermed skulle kjøp av tolketenester vore kunngjorde.

Marianne Haahjem

Marianne Haahjem, avdelingsdirektør i Politiets fellestjenester.

Foto: Olav Døvik / NRK

– Grovt aktlaust

Det er Kofa som har granska sakene, og som konkluderer med å gje dei åtte politidistrikta gebyr.

Allereie i sommar varsla dei historiske gebyr.

I avgjerdene heiter det at Kofa ser på forholdet som politiet har gjort seg skuldig i som grovt aktlaust for fleire av politidistrikta:

«Offentlige oppdragsgivere forutsettes å ha inngående kjennskap til regelverket for offentlige anskaffelser. Det må derfor generelt stilles relativt strenge krav til oppdragsgivers aktsomhet. Kunngjøringsplikten og forbudet mot ulovlige direkte anskaffelser, befinner seg i kjernen av regelverket».

Ventar meir av politiet

Marianne H. Dragsten er jurist og ekspert på offentlege innkjøp.

Ho meiner politiet burde handtert regelverket betre.

– Det kan vere vanskeleg for ein ikkje-jurist, men ein må kunne forvente at politiet, som er ein stor, offentleg oppdragsgjevar har den juridiske kompetansen som gjer at dei kan vurdere dette, seier ho.

NRK har vore i kontakt med eigaren av firmaet som klaga politiet inn til nemnda. Han ønskjer ikkje å kommentere dei historiske gebyra.

Ifølgje Kofa har politiet ein frist på to månader for å ta ut eventuelle søksmål som følgje av gebyra.

Marianne Dragsten

Marianne H. Dragsten er jurist og ekspert på offentlege innkjøp. Ho meiner politiet burde hatt betre kompetanse.

Foto: Vaar Advokat

Les også 6 av 10 som tolkar for politi og helsevesen er ufaglærte

Tursti i området der valdtekt skjedde